Til barns beste

AFTENBLADET MEINER: Utkastet til ny barnelov speglar i stor grad oppfatninga av barn og barns rettar i samfunnet, og kan lesast som eit bilde på vår tid.

Heilt fremst i den nye barnelova vil utvalet løfte prinsippet om barns beste. Foto: Gorm Kallestad

  • Stavanger Aftenblad
Publisert: Publisert:

Barnelova handlar aller mest om barn og foreldre. Lova vi har, kom i 1981, og har blitt endra fleire gonger seinare. Internasjonalisering hadde ikkje noko særleg å bety for lovarbeidet den gongen, heller ikkje internasjonale menneskerettar. Barnekonvensjonen, for eksempel, blei først tatt inn i 2003.

1980-talet var for dei fleste av oss før internett, det var definitivt før både Facebook, Instagram, Snap og TikTok. Barns rett til privatliv og personvern har fått ein heilt annan aktualitet gjennom nettet. Måtar ein lever som familie på, har også endra seg. Langt fleire barn har skilte foreldre, fleire lever i familiar med to foreldre av same kjønn.

Går vi endå lenger tilbake, til dei Castbergske barnelovane frå 1915, er det synet på barnet som har endra seg mest over dei vel hundre åra. Utvalet som sist veke la fram forslag til ny lov, vil ta inn at barn har rett på kjærleik. Og heilt fremst vil dei løfta omsynet til barns beste,, slik at alle får det med seg, også dei som ikkje kjenner lova veldig godt.

I praksis er dette omgjort til at dommaren i foreldretvistsaker nå skal høyra på barnet, at advokatane skal - ikkje berre bør - prøva om det er råd å finna ei løysing utanfor rettssalen. Barnet skal høyrast når det gjeld samvær, og barnet kan sjølv be familievernkontoret kalla foreldra inn til ei ny samtale om samværsordninga. Den som barna bur fast hos, kan ikkje lenger flytta over store avstandar utan den andre forelderens samtykke, og omsynet til barnets beste er også grunnen til at dei ikkje vil oppgi ei bestemt samværsordning som dommaren i regelen bør falla ned på.

Dei vil ha fleire foreldretvistsaker løyste utanfor rettssalen, også dette av omsyn til barnet, og vil difor påleggja foreldre som ikkje blir einige seks meklingstimar før dei kan gå til retten.

Dei føreslår at barnet sjølv kan velja å melda seg inn eller ut av organisasjonar når det er 12 år, og at det kan bestemma over eige personvern når det er 13. Det ville vera underleg om dei kan bestemma kva dei vil dela og ikkje på nett, men ikkje i andre samanhengar, meiner utvalet.

Men samtidig som barn i vår tid i langt større grad blir sett på som menneske med meiningar som har rett til å bli høyrde, skal ein også beskytta barnet. Barn er ekstra sårbare, og for stort ansvar rammar det sårbare ved eit barn.

Ansvaret for at barn blir høyrde og får seia si meining, utan å måtta kjenna ansvar for utfallet, ligg sjølvsagt på foreldra. Men barnelova gjer det soleklart at det også kviler tungt på familievernkontor, advokatar og dommarar. På storsamfunnet.

Les også

  1. Familieterapeut Hedvig Montgomery: – Aldri har julefeiringen vært viktigere

Publisert:
  1. Barn
  2. Personvern

Mest lest akkurat nå

  1. Nord-Jæren ser vekk fra Helsedirektoratets definisjon når det gjelder treningssentre

  2. Stort rånertreff på Sømmevågen: – En siste samling

  3. Trafikkulykke på Sola - to personer fraktet til sykehus

  4. – Dette er en av de enkleste og beste desser­tene jeg vet om

  5. Slik ligger Stavanger og Sandnes an med vaksineringen

  6. Forvirret av de nye tiltakene? Her er sju oppklaringer