Rogaland er eit godt val for Landbruksdirektoratet

AFTENBLADET MEINER: Landbruksfylket Rogaland med indrefileten Jæren må kunne kjempa for Landbruksdirektoratet med stor tyngde.

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa og fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal signerer brevet om kvifor Rogaland bør få Landbruksdirektoratet.
  • Leiar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Me er glad for at fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa og fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF) har teke eit felles initiativ her. Dei argumenterer godt for at Landbruksdepartementet bør leggast til vårt fylke.

Les også

Rogaland vil ha Landbruksdirektoratet

No er det rett nok lagt sterke føringar i forliket mellom regjeringa og Venstre som peikar i retning av Trøndelag. Nærare bestemt den nye fylkeshovudstaden Steinkjer. Kjeklinga har alt begynt i Trøndelag om nøyaktig kvar direktoratet skal ligga.

Meir enn distriktspolitikk

Men Rogaland er ein opplagt stad å flytta forvaltningsoppgåver på landbruk frå Oslo, drygt 200 stillingar ut frå dagens nivå.

Her snakkar me ikkje om reine distriktsomsyn eller politisk hestehandel. Regionen har eit aktivt landbruk, viktige kompetansemiljø og ikkje minst ein stor, moderne og offensiv landbruksindustri.

Les også

Rogaland vil ta byråkrater fra Trondheim

Målt mot andre storby-regionar har Rogaland også færre statlege arbeidsplassar og ei arbeidsløyse over fem prosent.

Rogaland Bondelag er mellom dei som vågar å hevda at Rogaland er landets fremste landbruksfylke – sjølv målt mot Midt-Norge, «Norges kornkammer», og Hedmark som likar å kalla seg landets største landbruksfylke.

Store pengar

Fylket vårt har 5300 gardsbruk. Hovudproduksjon er mjølk og kjøt.

Ein rapport frå Norsk institutt for bioøkonomi frå i fjor fortel mykje om kva landbruket tyder for Rogaland. Rapporten tek for seg verdiskaping i landbruket og landbruksbasert verksemd i fylket vårt. I 2014 var verdiskapinga frå bøndene i Rogaland på 2,7 milliardar kroner. I tillegg kjem industrien som baserer seg på landbruket og landbruksprodukt, med omtrent like mykje: 2,5 milliardar kroner.

I reine tal snakkar me om over fem milliardar kroner frå landbruket vårt. Så store tal at Rogaland aleine kan konkurrera sjølv med eit samla Trøndelag.

Rogaland har 10 prosent av jordbruksarealet i Norge, 10 prosent av alle landets bønder og heile 20 prosent av all storfe og sau i landet.

Jærkommunane Klepp, Time og Hå utgjer sjølve den økonomiske ryggrada i landbruket i fylket. Men også i Ryfylke og Nord-Rogaland er landbruket viktig.
Me vonar ein samla rogalandsbenk på Stortinget følgjer opp initiativet frå Fylkesmannen og fylkesordføraren.

Les også

  1. Suldalsbonden Sveinung frykter for distriktsbrukets fremtid

  2. Regjeringen flytter hundrevis av statlige arbeidsplasser ut av Oslo

  3. Nortura vil ha milliarder til storsatsing på norsk storfekjøtt

  4. Nytt direktorat for landbruk opprettet

  5. - Boltreplass for bønder i framtidas bioøkonomi

Publisert:
  1. Magnhild Meltveit Kleppa
  2. Landbruksdirektoratet
  3. Landbruk
  4. Rogaland
  5. Norsk institutt for bioøkonomi

Mest lest akkurat nå

  1. – Strømprisene kan knekke folks økonomi. Regjeringen kan ikke passivt håpe på at det går over.

  2. Slik mener FHI-overlege at kommunene kan slå ned omikron-utbrudd

  3. Full fyr i bolighus på Sviland

  4. – Jeg reagerer på den nye «skal»-tonen fra regjeringen

  5. Vårt energisystem er satt på spill

  6. Stjal bil og nøkler mens huseier sov