LEIAR: Eggdonasjon bør vera lov i Norge

AFTENBLADET MEINER: Eit ja til eggdonasjon er ikkje å seia ja til surrogati. Bioteknologi generelt og eggdonasjon spesielt vert eit av dei store stridstema på landsmøta i valåret 2017.

KrF har blinka ut kampen mot eggdonasjon som ei av dei viktigaste hjartesakene før valet i haust. Å seia ja til eggdonasjon slik som i Sverige og i Danmark er ikkje å seia ja til surrogati, skriv Aftenbladet på leiarplass.
  • Leiar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

KrF-topp Olaug Bollestad sa på fylkesårsmøtet i Rogaland KrF sist helg at eggdonasjon ikkje handlar om likestilling. Bioteknologi vert eit av partiets viktigaste saker til valet i haust, understreka ho samstundes.

Olaug Bollestad: Å tillata eggdonasjon vil bryta med eit viktig biologisk prinsipp, nemleg at den som føder er mor til barnet. Dette handler om barnet sin rett.

Bakgrunnen er at regjeringa no til våren skal gjera framlegg til endringar i bioteknologilova.

Les også

Olaug Bollestad (KrF): - Eggdonasjon er ikkje likestilling

Lova regulerer mellom anna kva metodar som er tilletne for assistert befruktning og handlar minst like mykje om etikk som om teknologi.

Les også

Når ble et barn noe som kan bestilles, noe du kan be andre om å lage for deg?

Per no er Norge eit av fire europeiske land der eggdonasjon er forbode. I staden reiser om lag 200 norske kvinner årleg til nabolanda våre, til dømes Sverige eller Danmark, for å få sett inn donoregg på heilt lovleg vis.

KrF og Sp er heilt imot

Meiningsmålingar i januar og februar viser at seks av ti er positive til å seia ja til eggdonasjon i Norge. Berre hos KrF-veljarane er fleirtalet tydeleg imot. Åtte fylkeslag i Høgre seier no ja til eggdonasjon. Dersom Høgre snur på landsmøtet om tre veker er det berre KrF og Senterpartiet som framleis går imot på Stortinget.

Venstre-leiar Trine Skei Grande og Frp-leiar Siv Jensen godtek eggdonasjon i Norge, KrF-leiar Knut Arild Hareide er heilt imot. Høgre og statsminister Erna Solberg tek debatten på landsmøtet i mars.

Debatten om eggdonasjon er på ingen måte så enkel som verken motstandarane eller tilhengarane vil ha det til. Me er glade for at me har politikarar som ikkje utan vidare godtek alt av såkalla bioteknologisk utvikling, men legg større prinsipp til grunn.

Les også

Å mista noko du aldri har hatt

Tilhengarane meiner at å tillata donering av egg berre vil vera å jamstella kvinneleg og mannleg infertilitet og at det er ulogisk å nekta eggdonasjon, men tillata donasjon av sæd.

Motstandarane meiner at eit barn må kunne kjenna sitt opphav og at eggdonasjon vil bryta med eit viktig biologisk prinsipp: Nemleg at den som føder også er mor til barnet. Parallelt med debatten om eggdonasjon har me ein diskusjon gåande om surrogati.

Stadig mindre skilnad

Sjølv om det er meir medisinsk krevjande å henta ut egg enn sæd, gjer utviklinga at skilnaden vert stadig mindre.

Me støttar oss på Helsedirektoratet som argumenterer med at det ikkje finst medisinske skilnadar på donasjon av egg og sæd.

Det er slett ingen menneskerett å få barn.

Barnas beste kjem først.

Men dei som kjem til ved eggdonasjon vil til liks med adoptivbarn vera svært ønska barn og bør ha eit vel så godt utgangspunkt i livet som barn flest, heilt DNA-uavhengig.

Eggdonasjon må kunne tillatast, sjølvsagd føresett at eggdonor vert gjort kjent for barnet på lik linje med sæddonor. Surrogati er ei heilt anna og mykje vanskelegare sak.

Les også

  1. Nå vil Ap gi single kvinner hjelp til å få barn i Norge

  2. Et godt hjem er viktigere enn biologisk mor!

  3. Frp tror det blir vanskelig å enes om bioteknologi

  4. Kristne leger vil nekte sæd- og eggdonasjon

Publisert:
  1. Olaug Bollestad
  2. Bioteknologi
  3. Helsedirektoratet
  4. Surrogati
  5. Likestilling

Mest lest akkurat nå

  1. Hele livet lurte Tor på hva som skjedde da faren styrtet i døden med jager­fly. Så opprettet kona en hemmelig kon­takt

  2. Ingenting rocket på Sandnes’ nye festplass

  3. Gikk fra Sandnes til Kristiansand av én spesiell grunn: – Det har vært litt av en tur

  4. Veton Berisha etter hat tricket: – Serie­gull med Viking ville vært det største

  5. Da det var trøbbel med skoene i «Skal vi danse», visste hun at løsningen lå i Hillevåg

  6. Mia Gundersen og Espen Hana er aller best når de får skuldrene ned, puppene opp og herjer med seg selv