TV-aksjonen er ein fin ting
AFTENBLADET MEINER: Det er ennå grunn til å tru at det nyttar når vi er mange som gir
«Det er ein sunn ting at vi ein dag i året kan putta pengar på ei bøsse og sjå summane stiga,» meiner Aftenbladet. Una og Ella Marie Lilleeidet Nilsen bar bøser på Mariero. Foto: Kristian Jacobsen
- Leiar
På sundag var 2000 bøsseberarar i sving i Rogaland. Dei samla inn pengar til årets tv-aksjon, og dermed til Unicefs prosjekt for å gi utdanning til barn som er ramma av krig og konflikt. Grytidleg måndag morgon var vel 218 millionar kroner samla inn over heile landet. I følgje Unicefs generalsekretær (i Norge) Camilla Viken, betyr det skulegang for meir enn 470 000 barn. Prioriterte land er Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan.
Kritikken
Dei norske tv-aksjonane har blitt kritiserte. For å idyllisera verda i eit nokså svart/kvitt-syn, der dei snille kvite hjelper dei stakkars svarte, for å driva kampanje-journalistikk, for å støtta prosjekt der det er vanskeleg å etterprøva kor mykje konkret hjelp som faktisk kom ut i andre enden av bøssene, og kor mykje som forsvann på vegen.
Desse kritiske innvendingane skal med, det er NRK sitt svære apparat som blir rulla ut, stort og breitt og med time på time på time på tv. Sjølvsagt må prosjekta som blir valt ut halda mål.
Unicef har som mål at innsamla pengar skal vera sporbare. Mellom 12 og 16 prosent av pengane som blei samla inn i tv-aksjonen, går til administrasjonskostnader. Andre bistands- og hjelpeorganisasjonar har som mål at innsamlingskampanjar ikkje skal kosta meir enn 35 prosent av det som blir samla inn.
Verdien
TV-aksjonen har ennå sin verdi. Når det heng saman, frå reportasjane om dei utvalde felta som skal få hjelp, via NRKs tv-sendingar frå studio i Oslo, til di eiga dørklokke, som ein eller annan gong denne dagen varslar at nokon står med ei bøsse utanfor. Sjølv om ein kan vipsa eller ringa inn pengar, kan ein også gi kontantar frå eigen stovevarme.
I år hamna Rogaland på femteplass i opptalt givarglede per innbyggjar. Utsira kommune måtte sjå seg slått av Svalbard, men låg likevel på ganske imponerande 325,55 kroner per hovud. På landsbasis ga kvar av oss 41,55 kroner.
Forskjellen
Ingen av oss trur vel det at det er nok. Og alle blir kvar dag minna på store, internasjonale kriser, med rekordmange menneske på flukt, med eit opprørt klima vi ikkje veit om vi klarer roa, langt mindre kva som kan vera vårt bidrag inn i.
Mot eit slikt bakteppe er det ein sunn ting at vi ein dag i året kan putta pengar på ei bøsse og sjå summane stiga der inne hos NRK, til beløp ein ser kan gjera ein forskjell for ganske mange.
Mest lest akkurat nå
Uventet suksess i Telemark fikk fem hoteller i Rogaland til å tenke nytt
20 nye smittetilfeller på Nord-Jæren
Tidligere barnehageansatt tiltalt for overgrep
Høyre-profil lanserer massive kommunesammenslåinger i Rogaland: Vil bruke tvang
Gammel Viking-helt hjelper Brann i jakten på ny sportssjef
Ny smitterekord i Agder