Kjøp Folken!

AFTENBLADET MEINER: Universitetet i Stavanger må hoppa ned frå eige gjerde på Ullandhaug, og bidra til å trygga studentstaden Folken.

Folken ber om hjelp for å overleva. Den hjelpa bør finnast. Foto: Jon Ingemundsen

  • Leiar
Publisert: Publisert:

«Det går penger ut, men det kommer nesten ikke penger inn. Mange har det sånn nå. Mange teller på knappene.» Slik oppsummerte dagleg leiar på Folken, Mariann Bjørnelv situasjonen i september. Kulturlivet er avhengige av å samla mange folk på ein stad. Difor er bransjen blant dei som er hardast ramma av smitteverntiltaka under koronaen.

Folken er ein stiftelse. Det er studentstaden i sentrum, på Løkkeveien. Huset er snart 100 år gammalt, eigd av Samvirkende Fagforeninger, og treng sårt oppgradering. Det er ein stad å gå dersom du er ny som student i byen og ikkje kjenner så mange. Og det er så definitivt ei viktig konsertscene i byen - for mange, mange fleire enn studentane. Dei siste to åra, før dette hersens året 2020, var overskotet på ein halv million, noko som må vera anstendig for ein studentstad. Dei skal ikkje ta seg for godt betalt.

Nå har Bjørnelv varsla kommunen om at dei vil vera konkurs i mai neste år, til trass for statlege støttetiltak. Omsetningstapet i halvåret frå mars til september var på 6 millionar, ifølgje Bjørnelv. Dei går mot eit underskot på 1,5 millionar. Eigenkapitalen er nå på 2,6. Ei løysing er at kommunen kjøper huset, og lar dei sleppa husleiga.

Det er ikkje få bører koronaen legg på kommunen sine aksler, heller. Også Stavanger kommune skal slita med å få budsjettet sitt til å hengja saman for neste år. Likevel rullar politikarane opp ermene for studentstaden. Aps Dag Mossige sa måndag at det ikkje er eit alternativ å la Folken gå konkurs. Høgres Kjell Erik Grøsfjeld tar til orde for at kommunen bør vurdera å kjøpa heile kvartalet. Han viser til at det forpliktar å vera vertskapsby for eit universitet.

Oppe på haugen sit ein aktør altfor stille i båten - Universitetet i Stavanger. Der i garden - eller på Campus - som det heiter, har ein vore svært opptekne av nettopp campus-tanken: Studentgreier skal føregå på Campus. Altså oppe på Ullandhaug.

Men det bør også forplikta å vera universitet i ein by. Universitetet i Stavanger må hoppa ned frå eige gjerde, erkjenna at studentliv også skal utspela seg i byen, og bli med på å finna pengar til å trygga Folken. Leiinga ved UiS skal ha «signalisert vilje til dialog om temaet,» i følgje kommunedirektøren. Det er ikkje nok. UiS må melda seg på. Med eiga lommebok.

Les også

  1. Høyre: Lag studenthus av hele kvartalet

  2. Forsker: Avlyste festivaler svekker fellesskap

  3. Reagerer på at ONS får millioner mens Folken er i krise

Publisert:
  1. Student
  2. Stavanger kommune
  3. Universitetet i Stavanger
  4. Studentliv

Mest lest akkurat nå

  1. Lionel Messi forlater Barcelona: – Det var en bombe

  2. Stavanger: Vaksine-intervallet forkortes

  3. Aftenbladet trapper opp storsatsing: Sikret fotball-rettigheter

  4. Espen Hana og andre lokale helter i sommerens utendørssuksess

  5. Bryne mister toppscoreren til Eliteserien

  6. Jakobs syrlige svar til rivalen: – Da løp jeg på to prosent