Leiar: Mordgåta løyner ein kald krig med Kina

AFTENBLADET MEINER: Attentatet på Kim Jong-nam er langt meir enn ei bisarr mordgåte som får heile verda til å undra seg.

Fire «meisteragentar» kom frå Nord-Korea for å sørga for attentatet mot Kim Jong-nam, ifølgje New York Times. Detaljane frå drapet i Kuala Lumpur er bisarre, men bakteppet meir enn alvorleg nok, skriv Aftenbladet på leiarplass.
  • Leiar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Nokre udiskutable fakta først: Halvbror til den nordkoreanske diktatoren Kim Jong-un vart drepen i eit attentat på flyplassen i Kuala Lumpur måndag for to veker sidan.

Jong-nam vart drepen med den kraftigaste av alle nervegifter, VX. Ein dose mindre enn eit knappenålshovud er dødeleg ved hudkontakt.

Både styremaktene i Sør-Korea og malaysisk politi skuldar regimet i Nord-Korea for å stå bak attentatet.

Eit av verdas verste diktatur

Bakteppet er skremmande alvorleg.

Nord-Korea er kanskje verdas mest lukka land og eit av dei verste diktatura me kjenner.

Persondyrkinga er driven ut i det absurde. Regimet skal vera leia av ein tilsynelatande meir og meir paranoid Kim Jong-un – no mistenkt for å ha kvitta seg med nok ein mogleg brysam rival i familien. Tidlegare har Jong-un også fått avretta ein reformvenleg onkel.

Les også

Nord-Korea skal ha bedt om å få liket av Kim

Kim Jong-nam var tiltenkt å overta etter avdøde Kim Jong-il, men fall i unåde då han freista å ta seg til Japan med falsk pass for å vitja Disneyland der.

Kim Jong-Nam frå 2001 då han vart utvist frå Japan etter å ha prøvd å ta seg inn i landet med falskt pass.

Me veit ikkje kva som kunne skjedd av reformar i Nord-Korea under reisevande og språkmektige Jong-nam, men me veit at Kina vurderte han som ein mogleg kandidat til å overta makta i heimlandet og at han levde under kinesisk vern i den autonome republikken Macau.

Dermed er me over på den verkeleg bekymringsfulle sida av saka.

Kina har vore vesentlegaste støttespelaren til Nord-Korea og landets største handelspartnar.

Ein provokasjon

Attentatet på Jong-nam er ein openberr provokasjon mot Kina.

Samstundes sendte det statlege nyhendebyrået i Nord-Korea ut eit kommuniké der Kina vert stempla som fiende på linje med dei tradisjonelle hovudfiendane USA, Japan og Sør-Korea. Årsaka er at Kina stogga kolimporten frå Nord-Korea førre helg, i tråd med dei nye FN-sanksjonane.

Nord-Korea gjennomførte sin femte test med atomvåpen i november i fjor, til udelt misnøye frå makthavarane i Beijing og verdssamfunnet elles.

For to veker sidan skaut landet ut ein rakett mot Det japanske hav då den japanske statsministeren var på offisiell vitjing til USA.

Les også

Øyvind Strømmen: Langt frå Kardemomme by

No har me eit stadig meir isolert regime som i tillegg til atomvåpen også disponerer eit rikt utval av kjemiske våpen, anslagsvis 5000 tonn ifølgje sørkoreanske rapportar, samt nervegassar som sarin og biologiske våpen som miltbrann og pest.

President Donald Trump pressar på for å få Kina til å pressa Nord-Korea endå hardare. Spørsmålet er om skjerpa sanksjonar vil leia til naudsynt oppmjuking eller endå meir irrasjonell åtferd i Pyongyang.

Les også

  1. Kim Jong-uns bror drept i angivelig attentat

  2. Drillo om Andersens Nord-Korea-jobb: - Regner ikke med han skal hilse på Kim Jong-un

Eit overvakingskamera har fanga dette biletet av ei av kvinnene som er pågripne og sikta etter drapet på flyplassen i den malaysiske hovudstaden Kuala Lumpur.
Publisert:
  1. Kim Jong-un
  2. Nord-Korea
  3. Pyongyang
  4. Kina
  5. Våpen

Mest lest akkurat nå

  1. FHI ønsker å stoppe omikronutbrudd i Norge før jul

  2. Viking sikret nytt cupgull etter straffedrama - keeperhelten hylles: – Hun elsker det

  3. Julekort er en egen greie. Et år dro familien til Ikea for å ta bilde i julepysjamas i soveromsavdelingen

  4. Trafikkuhell på Solasplitten

  5. Helsearbeider forsøkt voldtatt på jobb

  6. Tore Renberg har fått korona: Utsetter turné