Blanke ark ventar

LEIAR: Omtrent på denne tida spring alle landets skuleelevar ut og tar fri. Det er dei vel unt.

Elevar og lærarar skal få meir luft og plass til å tenkja, lytta, og finna samanhengar .
  • Leiar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Det skjer ting i norsk skule nå. Det er grunn til å gleda seg over det. Det aller viktigaste som har skjedd på mange år, er at ein skal ta ting ut. Fagfornyinga, heiter det. Poenget er at elevar og lærarar skal få meir luft og plass til å tenkja, lytta, og finna samanhengar. Til å læra seg korleis dei kan bruka det dei alt veit på ein ny måte, byggja gangar på kryss og tvers i hjernen, så det er lett å finna fram, finna mønster, og forstå.

Det er ein veldig fin tanke. Her er det bare å be alle som vil ha med eigne kjepphestar om å sitja på hendene og halda seg vekk frå tastaturet. Og la ting bli tatt ut.

Og vi andre, som ikkje er like tett på, kan prøva kor lenge vi kan klara å la vera å ropa på skulen kvar gong noko opprører oss.

Ikkje nok

Men fagfornyinga er ikkje nok. Minst to ting til må røskast i, for at barn og lærarar skal få fred til å høyra seg sjølv tenkja. Det eine er evalueringssystemet, der ein på detaljnivå tel og måler og vurderer, heile tida. Det blir ikkje enkelt å gi plass til meir kreativ og djupare læring, viss ein samtidig må forholda seg til dei tusen mål og delmål og kompetansemål og vurderingsskjema.

Så må utviklingspedagogikken få plass igjen. Stor plass, bør den få. Kva kan ein venta av ein tiåring? Kva finn klangbotn hos ein tenåring, og kor viktig er leiken for ein som ikkje ennå har fylt seks?

Stortinget har nettopp vedtatt å evaluera seksårsreforma. Det er ei evaluering å applaudera. Då seks-åringane kom inn i skulen for vel tjue år sidan, var det meininga at dei skulle leika seg over. Dei skulle ikkje sitja lenge stille ved ein pult, læra seg å lesa før jul, eller ha dobbelt-timar i matematikk inne i klasserommet.

Det blei fort slik, likevel. Politikarane fekk panikk då det viste seg at norske elevar ikkje var heilt så eineståande som ein visst hadde trudd, når dei blei målte opp mot elevar i andre land.

Dermed pressa ein på med basisfag og teori, så tidleg og så mye som mulig, i nokså blind tru på at det ville gjera alle godt og framtida til landet sikra.

Sånn er det ikkje. Ein må få med seg heile mennesket, der dei er, elles slit ein dei bare ut.

På gang

Det er på gang nå. Kanskje vil skular alt til hausten våga å ta hinkesteg til sides, og gjera seksåringanes skuledag til ein dag dei har aksler til å bera. Alt før evalueringa er klar.

Det er mye å gleda seg til. Men først - spring ut!

Les også

  1. Fremtidens skole i støpeskjeen

  2. Kråkeslotthjernar og alt som heng saman

  3. Forsking til å stola på?

Publisert:
  1. Skolepolitikk
  2. Barnehageforskning
  3. PISA

Mest lest akkurat nå

  1. Kun to elever igjen i klasserommet - resten er hjemme med korona

  2. Koronapasient i 50-årene døde på SUS

  3. Fascinerande dokumentar om verdas vakraste gut

  4. Vil ha bom mot russ og sextrafikk på landets lengste sandstrand

  5. Bensinprisen over 20 kroner i Stavanger

  6. Tor-Erlend (35) selger våt ved rett fra kløyvemaskinen: - Folk sikrer seg ved til neste vinter