Forståeleg nekt

Leiar: Formannskapet i Stavanger har gått inn for å nekta Old Irish Pub å driva nattklubb. Men har dei juridisk ryggdekning for det?

Publisert: Publisert:

Old Irish Pub overtek lokala i De Røde Sjøhus.

  • Leder

Ni polske arbeidarar var ulovleg innkvartert på De røde sjøhus i Stavanger sentrum. Forholdet blei avdekka under eit umeld branntilsyn. Foto: Rogaland brann og redning IKS

Eit knapt fleirtal i formannskapet har gått inn for å nekta nykomaren Old Irish Pub løyve til å driva nattklubb, fordi dei fleire gonger har brote arbeidsmiljølova.

Les også

Nekter bevilling til Old Irish Pub

Under oppussing av De Røde Sjøhus, der Old Irish Pub har planar om å opna, blei det avdekka at ni polske arbeidarar sov i bygninga under arbeidet, noko bygget på ingen måte var godkjent for, blant anna på grunn av manglande brannsikring og manglande rømningsvegar. Arbeidarane blei flytta, men heller ikkje denne gongen til lovlege forhold.

Les også

Løy tre ganger om ulovlig innkvartering

Politikarar over heile linja har reagert på brota på norsk lov, men deler seg i synet på om dei kan nekta nattklubbløyve som reaksjon.

Venstre, Ap, KrF, MDG, Rødt og Torfinn Ingeborgrud (uavh.) utgjorde fleirtalet i Formannskapet, mens Høgre, Frp, FNB, Sp og Pp støtta rådmannens innstilling, der det blei hevda at kommunen ikkje hadde høve til å nekta å gi nattklubbløyve på eit slikt grunnlag.

I 2015 fekk Sandnes kommune medhald i retten, etter at dei hadde nekta strippeklubben Money Talks skjenkeløyve fordi klubben ville driva topplaus servering.

Jæren Tingrett meinte i dommen at kommunens vedtak ikkje var «grovt urimelig», og at «i den sammenheng har det også betydning at en her er på et utpreget politisk område der brede samfunnsmessige hensyn er relevante.»

Dei viste også til Alkohollova, som seier at «Ved vurderingen av om bevilling bør gis, kan kommunen blant annet legge vekt på antallet salgs- og skjenkesteder, stedets karakter, beliggenhet, målgruppe, trafikk- og ordensmessige forhold, næringspolitiske hensyn og hensynet til lokalmiljøet for øvrig,» og påpeika at den kommunale fridommen på dette området er større enn på dei fleste andre område.

Les også

Money Talks tapte saken mot Sandnes kommune

i praksis er det denne kommunale fridommen fleirtalet i Stavanger kommune vil bruka for å regulera forhold i utelivsbransjen.

Det er forståeleg at politikarane nøler med å nekta å gi nattklubbløyve på for kreativt grunnlag. Ein kunne tenkja seg at ein enda opp med å avslå løyve til aktørar ein av ein eller annan grunn ikkje likte, eller ikkje syntes passa inn i det bildet ein vil gi av byen.

Men det er likevel både prisverdig og nødvendig av kommunen å markera at arbeidsmiljølova skal følgjast, og dei tilsette sikrast vilkår etter norsk standard. Det må ein kunna seia både er av næringspolitiske og breie samfunnsmessige omsyn.

Publisert: