LEIAR: Venstre-landsmøtet var idealistisk som aldri før

Dei tillitsvalde i Venstre framstår som meir idealistiske og mindre valtaktiske enn nokon gong etter landsmøtet.

Leiar av redaksjonskomiteen på landsmøtet, Iselin Nybø, fekk til eit slags kompromiss på spørsmålet om 24. konsesjonsrunde. Men både blankpussing av miljøprofilen og ny EU-debatt viser at dei tillitsvalde i Venstre er meir idealistiske enn Venstre-veljarane er. Foto: Terje Pedersen/ NTB scanpix

  • Leiar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

EU-debatten og avlysinga av 24. konsesjonsrunde er to gode eksempler i valåret 2017.

Les også

Nå vil Venstre avlyse 24. konsesjonsrunde

Les også

Valgnederlag kan gi lederkrise i Venstre

Les også

Trine Skei Grande maner til kamp mot populistene

Oslo Venstre kom med framlegget om at Venstre skulle gå inn for norsk EU-medlemskap. Det er eit framlegg og ein debatt som vekker høgst blanda minner i eit parti som i si tid vart splitta i to på Røros på EU-striden – i 1972.

Jamn utvikling

Men heilt under radaren har det vore ei jamn utvikling mellom tillitsmannsapparatet i partiet. Truleg var det reelt sett fleirtal på landsmøtet for å seia ja til EU. Fleire som først sa ja, valde å stemma nei ved finteljinga.

Avrøystinga vart så jamn at det måtte finteljing til og då vart resultatet å avvisa framlegget med 113 mot 107 røyster. I Rogalands-delegasjonen var det klårt fleirtal til å seia ja til EU, mens både Hordaland og Møre og Romsdal stod ganske samla imot.

Det er forunderleg for å seia det mildt at spørsmålet i det heile kjem opp no. Me lever i ei tid med Brexit og stor uro rundt heile EU-prosjektet. Sjølv Ap tonar ned heile EU-medlemskapen i sitt framlegg til nytt program, vel vitande om at dei kjem ikkje utanom Senterpartiet dersom dei skal i regjering.
Alle meiningsmålingar viser at det norske folket er meir og meir nøgde med å stå utanfor den europeiske unionen og euro-samarbeidet.

EU-venlege leiarkandidatar

Men idealistisk er det av mest halve V-landsmøtet og heilt utan å skjegla til valtaktiske omsyn. Den noko meir pragmatiske Venstre-leiinga vil gjerne vinna val, var meir skeptiske og åtvara mot å seia ja til EU-medlemskap no.
Dei to som oftast vert nemnde som leiarkandidatar etter Trine Skei Grande om nokre år, Sveinung Rotevatn og Guri Melbye, er begge ivrige EU-tilhengarar, sterkt liberale og alt anna enn populistar.

Begge ser EU som ein spydspiss i klimakampen og ein motvekt til nærsynt nasjonal proteksjonisme. Difor kan utvilsamt EU-spørsmålet koma oppatt i Venstre om fire års tid.

Blankpussar miljøprofilen

Tilsvarande gjeld framlegget frå Unge Venstre om å seia nei til å stogga 24. konsesjonsrunde og seia nei til nye leitelisensar. Det mangla berre ei røyst på at dette ekstremframlegget skulle få fleirtal. I staden vart det eit kompromiss med å seia ja til nye leitelisensar.

Også her blankpussar Venstre miljøprofilen og får honnør hos Miljøpartiet Dei Grøne og Bellona.

Les også

Sliten, utbrent og ferdig i politikken? Nei, ikkje denne kvinna.

Les også

Meiningsmåling for Rogaland: Veljarane straffar dei borgarlege

Les også

Full konflikt i Venstre: Borsch raser mot «illojal» Raja

Men det er ikkje det beste utgangspunktet for å driva valkamp i Rogaland eller trekka til seg veljarar som er meir opptekne av den veksande arbeidsløysa etter oljeprisfallet.

Publisert:
  1. EU
  2. Trine Skei Grande
  3. Brexit
  4. Sveinung Rotevatn
  5. Venstres landsmøte

Mest lest akkurat nå

  1. Vaksine-sms fikk hele systemet til å knele

  2. Gutt satt fast på fjell­hylle – reddet ned i god behold

  3. Artist fra Sandnes fikk Spellemannpris

  4. Jonas Gahr Støre til Aftenbladet etter rusavklaring: – Godt å få sagt det

  5. Jarstein innlagt på sykehus etter koronasmitte

  6. I neste uke kan du registrere deg for vaksine