Kynisk propaganda frå Listhaug

LEIAR: Det Sylvi Listhaug (Frp) driv med nå, er ikkje politikk. Det er rein propaganda.

Det var Sylvi Listhaug sjølv som fekk innført standarden for sjukeheimar i Oslo. Det førte blant anna til at St. Hallvardshjemmet ikkje lenger fyller krava. Foto: Berit Roald, NTB Scanpix

  • Leiar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

«Ap og byrådet i Oslo kastet ut de eldre på St. Halvardshjemmet. Beboere og pårørende gråt. Nå bruker de sykehjemmet til overnattingstilbud til romfolk. Eier dere ingen skam!?», skriv Sylvi Listhaug på Facebooksida si. Og lenkar til ei sak frå Nettavisen, som i vinkling og kjeldebruk er vaklande journalistikk med kraftig slagside mot klikkbonanza.

Listhaug tar politisk retorikk og stemmekamp over i kynisk og omsynslaus propaganda. Der kva som helst kan bli sant, bare ein gjentar det lenge nok. Der det er om å gjera å få mottakaren til å reagera slik ein ønskjer han eller ho skal, og der den einaste grunnen til å halda litt igjen, er at ikkje mottakaren skal forstå at dette er rein propaganda, og ikkje har noko feste i fakta eller sakleg politisk debatt.

Historia

Dei eldre på St. Hallvardshjemmet er flytta ut. Men ikkje fordi romfolk skulle inn, fordi bygget ikkje held den standarden Oslo kommune har vedtatt for sjukeheimar.

Det var Sylvi Listhaug sjølv som innførte den standarden. Alle parti stilte seg bak. Blant anna skal alle ha bad på rommet. Logisk nok måtte ein då gå gjennom standarden på dei sjukeheimane kommunen hadde kontrakt med. Sjukeheimar som ikkje kunne levera denne standarden, får ikkje fornya kontrakt med kommunen. 11 slike kontraktar går nå ut omtrent samtidig. Og sjølv om det er eit Ap-byråd som gjennomfører dette, har Frp og Sylvi Listhaug sjølv, som eldrebyråd i Oslo, lagt lista for kva standard sjukeheimane skal vera på.

Giftig cocktail

Det er riktig at St. Hallvardshjemmet, eigd av Kirkens Bymisjon, nå blir brukt som akuttovernattingstilbod til romfolk, Staten, ved justisminister Tor Mikkel Wara frå Frp, betaler for 100 av dei 130 plassane.
I Nettavisen sine artiklar får også Frp-representant Aina Stenersen fyra av om kor hjarteskjerande og opprørande dette er. Ap-byråd Tone Telle-Dahl får riktig nok svara, men Nettavisen stiller ikkje kritiske spørsmål direkte til partiet som sjølv innførte ein standard dei nå hengjer ut eit anna parti for å etterleva.

Det er ein giftig cocktail. Lemfeldig journalistikk, løgnaktige politikarar, og ei gruppe vi alle forhåpentlegvis vil hamna i - dei eldre - opp mot ei gruppe ein kan vera heilt sikker på ikkje kan ta til motmæle - romfolk med akutt behov for ein plass å sova.

Dette har ikkje lenger noko med politikk å gjera.

Les også

  1. Sivs festtale

  2. Stabil Frp-ledelse gir regjeringen arbeidsro

  3. «Kvifor, kvifor i all verda, reiser de dykk ikkje opp, Bent Høie, Ketil Solvik-Olsen eller Solveig Horne?»

Publisert:
  1. Sylvi Listhaug
  2. Propaganda
  3. Tor Mikkel Wara

Mest lest akkurat nå

  1. Navn på omkommet er frigitt

  2. 454 nye koronasmittede siste døgn – smittetrenden flater ut

  3. Se hvem som har søkt stillingen som Rogfast-sjef

  4. Jente (17) ble sexfilmet i skjul. Så ble videoen delt på Snapchat: – Jeg har vært mye lei meg

  5. Hva om Trump egentlig vant?

  6. Økning i korona-innleggelser på SUS