La det ta tid

Tre dagar tilvenning er ikkje nok til at små barn blir trygge i barnehagen.

I Bjergsted barnehage prøvein ein ut ein ny og meir langvarig modell for å venna barn til livet i barnehagen. Frå venstre: Mor Linn Håvik med dottera Margrethe (13 mnd). Karla (11 mnd) lurer på kva ho har i handa. Bak sit June (17 mnd) med mor Inger Bjørgo Hustvedt (til høgre). Ved blå vegg sit barnehageassistent Sara Jakobsen.
  • Leiar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel


Tre dagar tilvenning i barnehagen har lenge vore norsk standard, anten barnet er eitt, tre, eller fem år.

Ein kort dag der mor og far er der heile tida, ein dag der mor eller far prøver å trekkja seg vekk ei stund, og ein dag der mor eller far gå etter kort tid.
For mange barn er ikkje det lenge nok til å kjenna seg trygg i den nye kvardagen.

Les også

Forbereder seg i fire måneder på barnehagestart

Små dosar

I Bjergsted barnehage i Stavanger, har difor små barn som skal begynna i august, fått koma på besøk kvar tysdag sidan påske. Saman med mor eller far, sjølvsagt. Litt etter litt blir dei kjende med den nye vaksne som skal vera det trygge fanget og ladestasjonen i dagen deira når mor og far begynner på jobb, dei blir kjende med uteområde, og gradvis vant til rutinar og andre barn. "Barnet får tid til å ta verda inn i små dosar," applauderer universitetslektor Cecilie Evertsen. Modellen er henta frå dansk forsking.

Det er bare å hiva seg på.

Jåttå barnehage har i tre år prøvd seg fram med ei vekes tilvenning. Nå vil dei strekkja det til to. Foreldrepermisjonen skulle vera god nok og fleksibel nok til at dette også lar seg gjennomføra for foreldre flest.

Så blir overgangen mindre brå både for barn og foreldre. Å starta dagen med gråt, er ingen god start for nokon.

Les også

Tre dager tilvenning i barnehage ikke nok, mener universitetslektor

Herleg praktisk

Å gi barn og foreldre betre tid til å venna seg til den nye kvardagen, er ei herleg praktisk og god tilnærming til at småbarn flest går i barnehage.For 82 prosent av norske eitt- og toåringar går i barnehage. Diskusjonane om kor bra dette er for barna, har vore vanskelege å ta. Som i andre store samfunnsendringar har det vore lett å leggja ansvaret på eit privat val - far eller mor, helst mor, som sannsynlegvis tener minst, kan i staden bare velja å vera lenger heime.

Alle kan ikkje det. Så store endringar i måten vi innrettar oss på, kan ikkje reduserast til ei endelaus rekke private val, som kvar og ein bare kan ta om igjen.
Kanskje har desse store diskusjonane om dei små bør gå i barnehage også skugga for korleis dei i tilfelle treng å ha det i barnehagen.
Men frå forsking veit vi at det som betyr noko for dei minste, er ein god, trygg vaksenperson dei kjenner som sin, og nok tid til å ta inn overgangen frå foreldras fang og omsorg til barnehagens.

Les også

Stadig flere barnehager tilbyr mykere barnehagestart

At ein nå tar inn meir tid til tilvenning for å trygga dei minste, er fint for alle partar. Det er bare å hiva seg på.

Publisert:
  1. Barnehage
  2. Barnehageforskning
  3. Barnehageopptak

Mest lest akkurat nå

  1. Politiet gjorde alkoholfunn i konteiner: Butikksjef erkjenner salg av smuglerøl og -sprit

  2. Nå kan dette ikoniske huset i Oslo bli fredet - rett før salg

  3. Veronica Simoné Fjeld vant Siddisprisen

  4. For folk vil koke over fra livet og ned, og fryse seg i hjel fra livet og opp! Genialt konsept!

  5. Jakob Ingebrigtsens nye naboer på Lura synes huset hans blir for svært

  6. Etter «vaksine-brevet» begynte Heart å føle press. Nå melder hun seg ut av MDG