Kommunesamanslåing: Tydeleg melding frå Fylkesmannen

LEIAR: Arbeidet med kommunestruktur er ikkje over. Sjølv om landet har fått 72 færre kommunar sidan årsskiftet, er det ei rekke problemer som ikkje er løyst.

Fylkesmann Lone M. Solheim (t.v.) vil stimulere kommunane til å arbeide vidare med kommunestrukturen. Her saman med Bent Høie, som etter planen tek over som fylkesmann neste haust. Foto: MORTEN BERENTSEN

  • Stavanger Aftenblad
Publisert: Publisert:

Det er nå gått noko over ein månad sidan vi fekk eit nytt kart over Norge. Kommune- og regionreforma har så vidt begynt å setje seg. Samstundes er det mange sår som ikkje er grodd og mange vil føre stridane om kommunegrensene vidare.

Fylkesmann i Rogaland, Lone M. Solheim, og leiar for arbeidet med kommunereforma i fylket, Arnfinn Rosnes, er særs tydelege når dei i eit innlegg i Aftenbladet laurdag streka under mange av dei utfordringane som ligg framfor oss. Hovudpoenget er likevel klart: vi er ikkje i mål. Mykje arbeid står igjen.

Les også

Fylkesmannen: Framleis behov for å drøfta kommunestruktur

Les også

Disse kommunene i Rogaland er for små

Vi har tidlegare peika på at resultatet for Rogaland ikkje blei tilfredsstillande. I Ryfylke blei Strand liggjande mellom eit amputert Hjelmeland og den merkelege konstruksjonen Nye Sandnes. I Dalane skjedde det ingenting og i nordfylket fekk til dømes Bokn og Tysvær halde fram kvar for seg. Randaberg og Kvitsøy heldt seg heilt rolege, men truleg har dei berre utsett pina med å finne nye partnarar.

Fylkesmannen nemner ikkje namn på enkeltkommunar. Kritikken som blir fremma mellom linene, er dessutan retta mot alle kommunane i fylket. Det mest interessante med innlegget er at det peiker på at mange av dei største utfordringane er knytt til tilhøve som ikkje har vore sentrale i tidlegare debattar. Digitalisering, klima, samfunnstryggleik og ikkje minst moderne samfunnsutvikling er blitt noko av det aller viktigaste kommunane skal handsame.

Fylkesmannsembetet har ansvar for å sjå til at kommunane tek det ansvaret dei har fått, men det skin tydeleg igjennom at dei er bekymra. Dei er ikkje bare bekymra for dei nye utfordringane. Det blir også peikt på kjende ting som barnevern, helse og omsorg. Jordvernet kan også lida under at fleire tilstøytande kommunar har ansvar for det same jordvernarealet og dei er ikkje nøgde med korleis storbyområda handsamar areal- og transportplanlegginga.

Fylkesmannen har også ei grunnleggjande bekymring for at kommunereforma i Rogaland først og fremst har gjort dei store kommunane større. Det har sjølvsagt auka avstanden til dei små.
Det er både viktig og lovande å sjå at Fylkesmannen held denne saka varm, for vi kan ikkje slå oss til ro med dagens halvferdige reform.

Initiativet strekar også under at det er sentrale myndigheiter, og i siste instans Stortinget, som må teikna kartet over landet vårt. Det var på det området det svikta mest i førre runde.

Les også

  1. Nå er Stavanger landets største sauekommune

  2. KOMMENTAR: Randaberg og Hjelmeland får fortsette i fred, storkommunen i Ryfylke er en saga blott, Sokndal og Eigersund slås ikke sammen og Rogaland forblir eget fylke.

Publisert:
  1. Regionreform
  2. Ryfylke
  3. Kommunereform
  4. Hjelmeland
  5. Strand

Mest lest akkurat nå

  1. Da Tomas (14) landet i denne hoppe­gropen, ble han lam fra halsen og ned

  2. Denne gaven tar helt av: – Dette er all time high. Vi har aldri sett slike tall

  3. Go-Ahead kutter avganger på Jær­banen allerede fra fredag

  4. Farse har blitt Jærens mest populære lunsjrett

  5. Naboklager førte ikke frem. Omstridt Hundvåg-hus godkjent

  6. Norge Mining: – Det er noe stort og tungt der nede i Norges dypeste hull