Leiar: Kredittkort er ikkje løysinga

AFTENBLADET MEINER: Det er urovekkjande at nær tre av ti norske studentar nyttar kredittkort for å finansiera studietida.

Er det luksusliv eller rein naud som driv norske studentar til å trekka kredittkortet? Foto: Pål Christensen

  • Leiar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

No er Sentio-undersøkinga gjort på oppdrag for Norsk studentorganisasjon (NSO) – som har sin klåre agenda i saka.

Røyndomsbiletet er todelt. Studentane vil meina –som dei har gjort lenge – at dei treng meir pengar under studietida. 7800 kronar i månaden er ikkje mykje å leva for når husleiga fort er 5000 kroner eller meir for eit rom i storbyane.

Les også

- Få oversikt over pengene dine!

Over halvparten av norske studentar vil ikkje leva av havregryn og nudlar, men vel å jobba ved sidan av studiane.

Det fører til at mange bruker for lang tid i høve til normert tid og at nokon ramlar av og aldri får fullført til dømes mastergrad.

Eit liv med Netflix?

Forbrukarøkonom Magne Gundersen viser i Aftenbladet til at studentane får eit startbeløp på 20.000 kroner ved studiestart – deretter 7800 kroner i månaden.

I staden for å leva eit nøysamt studieliv og sjå dette som ei investering for livet, vel studentane å leva nett som dei gjorde heime. Inkludert abonnement på Netflix og Spotify, flittige kjøp av klede, dyre treningssenter og liknande.

Sanninga kan fort ligga mellom der ein stad.

Ulike måtar å sjå tala på

Tala viser uomtvisteleg at studiestøtta målt mot grunnbeløpet i folketrygda har falle frå eit toppunkt i 1994/1995 til eit botnpunkt i 2016/2017.

Samstundes har den moglege stipenddelen – for bortebuarar – auka frå 14 prosent til 40 prosent i dei same åra. Også mange som bur heime tek opp fullt lån, sidan studielånet framleis er det beste lånet du kan ha.

Norsk studiefinansiering er i verdsklasse og vil verta enda betre. For neste år vil fulltidsstudentar få om lag 112.000 kroner i såkalla basisstøtte, og fram til 2020 har Stortinget vedteke å trappa opp utdanningsstøtta frå 10 til 11 månader.

Turbostipend treng me ikkje avvisa

Fleirtalet av norske studentar nyt godt av gratis høgare utdanning. Men Norge er også eit dyrt land, og det kan vera grunn til å ta ei nærare utgreiing av om deltidsjobb og kortsiktige, dyre lån skuldast luksusliv eller reelle utgiftar. Uansett er ikkje kredittkort løysinga.

Elles er me ikkje like skeptiske som studentane til å gjeninnføra eit såkalla turbostipend – om enn i mindre omfang enn me sist hadde på 1990-talet.

I budsjettforliket før jul i fjor fekk Venstre gjennom at lærarstudentar som fullfører femårig masterutdanning på normert tid, no får ettergitt heile siste års studielån. Det er vel verdt å prøva ut nærare.

Studenter tyr til forbrukslån for å dekke utgifterØkonom: – Folk kan spare tusener hvis de bare gidder
Publisert:
  1. Kredittkort
  2. Studiefinansiering
  3. Netflix
  4. Spotify

Mest lest akkurat nå

  1. Full stopp i massevaksineringen i Stavanger

  2. Slåsskamp utenfor Beverly i Stavanger. Mann i 30-årene kjørt til legevakt

  3. 50 skjeletter, en gris, 12 mynter, en blyplombe, et gravkammer, sigaresker, ølkorker og ganske mange spørsmålstegn har dukket opp under domkirkegulvet

  4. Byantikvaren i Sandnes håper denne eiendommen tas vare på. Det er det en spesiell grunn til

  5. Midt i pandemien som la kulturlivet brakk, kom legane med ein urovekkande beskjed

  6. Bare 10 i hver buss. Gjelder det også de som har hatt korona? Smittevernoverlegen svarer