Simon går i faren sine fotspor

Simon og Alida tok valet for fleire år sidan. Dei er heldige, for mange slit med å velje vidaregåande studieretning.

Publisert: Publisert:

Simon og Alida går kvar sin veg, ho mot kunsten og han til maskinene. Foto: Jarle Aasland

  • Birgitte Flote
    Journalist
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

For tiandeklassingen Simon Rønneberg var valet enkelt, han skal bli anleggsmaskinførar som far sin.

— Det er så mykje ein kan gjere med maskinene og så råe krefter. Etter vi hadde hatt arbeidsveke var valet enkelt.

Mor forsøkte overtale han til helsefag, men det var det ikkje snakk om. No søker han teknisk og industriell produksjon på Gand vidaregåande skule i Sandnes.

Fristen nærmar seg

Tysdag 1. mars er fristen for å søke vidaregåande opplæring. Fylket har om lag 16.000 skuleplassar ved vidaregåande skular, opplyser dei på fylkeskommunen si nettside.

Skuleåret 2015/2016 var det rekordmange som søkte i Rogaland, totalt 21 700 personar.

Eirik Hansen, inspektør ved Giske ungdomsskole, erfarer at dei fleste er sikre når det kjem til éin ting: om dei skal velje studiespesialisering eller yrkesretta.

Dette er tilfellet for Alida Chloe Chirico. Sidan ho gjekk i 8. klasse har ho visst at ho vil bli lærar og dermed må ta studiespesialisering. Utover dette var valet opent.

— Eg er interessert i kunst og gjekk tidlegare på kulturskulen. Kunst, design og arkitektur såg kjekt ut, så då valde eg berre det, fortel ho.

I fjor var det 50,8 prosent som hadde yrkesfag som førsteval, medan 49,2 prosent søkte seg inn på studieførebyggande utdanningsprogram.

Les også:

Les også

Gledeleg at halvparten satsar på yrkesfag i vgs.

Les også

1994: Tre av ti klarer ikke videregående 2014: Tre av ti klarer ikke videregående

Les også

Norske elever bruker mer tid på lekser enn elever i andre land

Press

Inspektøren ved Giske oppfordrar ungdommen til å velje etter trivsel.

— Meistring er viktig, ein bør velje noko ein veit ein kan få til. Ein skal vere forsiktig med å velje yrker fordi dei er framme der og då. Arbeidsmarknaden svingar og det dukkar som regel opp moglegheiter, seier han.

Karriererettleiar Trude Kvammen Ekker i Smart Karriere opplever at det er ein del press på å velje studieførebyggande.

— Noko press kjem frå foreldre, men også frå samfunnet gjennom måten ein snakkar om yrkesfag på. Det har framleis lav status.

Moglegheiter i yrkesfag

Ho meiner mange veit for lite om moglegheitene innan yrkesfag og at få veit at der er moglegheiter for å få høg lønn.

— For dei som ikkje passar inn i studiespesialisering kan utfallet bli veldig uheldig. Ein risikerer å ende med dårlege karakterar og samtidig måtte gå ein lang omveg for å få utdanninga ein eigentleg ønska, seier ho.

Om ein er usikker og trur ein hadde passa i yrkesfag, meiner karriererettleiaren det er langt betre å velje yrkesfag.

— Skulle ein angre, er det enkelt å rette opp ved å gå påbygg.

Vanskeleg val

Verken Alida eller Simon har følt press frå foreldre, men har samtidig valt i tråd med foreldra sine synspunkt. Dette er langt frå uvanleg, meiner inspektøren.

— Det er vanskeleg å seie kor vidt folk føler press, men vi ser uansett at foreldra er viktige for yrkesvalet. Mange har vore med foreldra på jobb og det følast trygt å velje det kjente, seier Hansen.

Simon er glad valet allereie er teke. Han ser at mange av medelevane er usikre.

— Enkelte har ikkje peiling og har heller ikkje tenkt så mykje på det. Desse ender som regel på studiespesialiering, seier han.

Tendensen frå i fjor

Søknadstala frå i fjor viste at teknikk og industriell produksjon gjekk mest tilbake, med 23 prosent. I andre enden av skalaen var bygg og anleggsteknikk med ei auke på 25 prosent og elektro med ei auke på 11 prosent.

Les også:

Publisert:

Les også

  1. Eirik får ikkje sove lenger

  2. Vil ha koding på timeplanen

  3. Mener skolen må formes etter teknologien

Mest lest akkurat nå

  1. Leter etter John Olav med full styrke

  2. Steinar var veldig ensom. Løsningen han valgte, fikk mye større konsekvenser enn han hadde ant.

  3. Bryne suser mot opprykk. EIK er hektet av.

  4. Bil kjørte av veien på Ganddal

  5. Fire nye smittebærere i Sandnes siden torsdag

  6. Gunnar Eiterjord slutter som sjef for Rogfast

  1. Rogaland
  2. Rogaland fylkeskommune
  3. Sandnes
  4. Videregående skole
  5. Utdanningsdirektoratet