Direktøren i Transocean Norge går av

Rune Kvål går av som sjef for den norske verksemda til riggselskapet.

Transocean-riggen Equinox fotografert på Trollfeltet
Publisert: Publisert:

Rune Kvål har bestemt seg for å gå av som Operations Director of Norway og UK Operations. Dette går fram av ein e-post som blei sendt ut til dei tilsette 27. desember. Han har hatt stillinga sidan 2019.

Steinar Nesse er tillitsvalt i Safe-klubben i Transocean. Han har foreløpig følgjande knappe kommentar til avgangen.

– Me registrerer det.

– Det er naturleg med leiarbytte i industrien, seier Alexander Eliassen, som er tillitsvalt for Industri Energi i Transocean.

Aftenbladet/E24 har kontakta representantar for selskapet i Norge, men ingen ønsker å uttala seg, då dette er noko den amerikanske pressekontakten skal ta seg av.

Aftenbladet/E24 har også prøvd å få tak i Kvål, utan hell.

Les også

Oljearbeidere får beholde jobben selv om de ikke vaksinerer seg

14. desember sende Transocean Norge ut ein beskjed til dei tilsette om at dei som ikkje har vaksinert seg mot covid-19, ville mista arbeidet.

Dette førte til kraftige reaksjonar frå tillitsvalde.

Like før jul kom beskjeden om at selskapet droppa vaksinekravet.

Kvål ønskte ikkje å kommentera saka då Aftenbladet/E24 omtalte ho.

Verken Nesse eller Eliassen ønsker no å svara på spørsmålet om det er ein samanheng mellom vaksine-saka og tidspunktet for leiaravgangen.

Publisert: