Fryktar ny handelsavtale vil svekka matberedskapen

Norge er i innspurten av handelsforhandlingane med britane. Bøndene er bekymra for kva som blir sagt bak lukka dører.

Marit Epletveit i Rogaland Bondelag vil legga press på regjeringa før ein ny frihandelsavtale blir signert.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

– Storbritannia er eit grasland som produserer mykje mjølk og kjøt, mykje av det same som Norge. Det hadde ikkje vore noko problem om dei berre hadde hatt kaffi og druer, seier Marit Epletveit, leiar av Rogaland Bondelag.

Ho er bekymra for kva som kan bli utfallet av forhandlingane Norge og Storbritannia no er inne i. Målet er å koma fram til ein frihandelsavtale etter at britane gjekk ut av EU. Forhandlingane er i den avsluttande fasen, ifølgje Nærings- og fiskeridepartementet.

Epletveit meiner at det er på høg tid å legga press på regjeringa slik at dei tar tilstrekkeleg omsyn til norsk landbruk. Kva som blir sagt bak dei lukka forhandlingsdørene, veit Bondelaget lite om.

Høyr podkast om Norge og brexit:

Fryktar redusert matberedskap

«Det er ingen hemmelighet at en av Storbritannias viktigste interesser er å forbedre sin tilgang til det norske markedet for landbruksprodukter, noe som gjør vareforhandlingene utfordrende», sa næringsminister Iselin Nybø til avisa Nationen i desember i fjor.

Bondelaget fryktar at regjeringa kan koma til å gje Storbritannia betre vilkår for eksport av landbruksvarer til Norge i bytte mot at Norge får betre marknadstilgang hos britane på andre område.

Får den norske marknaden inn meir britiske meieriprodukt og kjøt, kan konsekvensen ifølgje Epletveit bli redusert norsk produksjon. Dette kan vidare gå ut over matberedskapen.

– Om me tar ned produksjonen, klarer me å auka litt ganske fort, men ikkje veldig mykje. Landbruket er ei langsiktig næring, og det er viktig å halda kunnskapen og driftsapparatet ved like slik at me er rusta neste gong det kjem ei krise, seier Epletveit.

Vil beskytta «sensitive» varer

Kan vilkåra britane har for eksport av landbruksvarer koma til å vera endra i ein ny frihandelsavtale? Dette er eitt av spørsmåla sende Aftenbladet/E24 til Nærings- og fiskeridepartementet. Dei viste til Landbruks- og matdepartementet (LMD) som rett adressat. LMD svarer at dei ikkje kan «kommentere innhaldet i ein varig avtale med Storbritannia på landbruksområdet medan forhandlingane er i gang».

I juli i fjor la regjeringa ut ei oversikt over kva dei reknar som dei viktigaste sakene for Norge under forhandlingane. «På landbruksområdet vil Norge forhandle basert på dagens handel med jordbruksvarer og ivareta beskyttelsen av sensitive norske jordbruksvarer. Norge ønsker dessuten bedre markedstilgang for enkelte jordbruksvarer enn det vi har i dag», skriv regjeringa.

Ti liter mjølk til eitt kilo ost

Foreløpig har Storbritannia dei same tollsatsane for landbruksprodukt til Norge som då dei var medlemmar av EU. I tillegg har dei fem eigne eksportkvotar som blant anna inkluderer ein kvote på 299 tonn ost, ifølgje LMD.

– For å laga eitt kilo ost, treng ein rundt ti liter mjølk, seier Epletveit, som ser føre seg at det kan bli snakk om mange liter i redusert mjølkeproduksjon om dei britiske ostekvotane blir store.

Den 24. mars var Bondelaget blant deltakarane på eit hastemøte med departementa som er involverte i forhandlingane. Her var også NHO Mat og Drikke og Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) med.

NNN er sterkt bekymra for at avtalen skal gå ut over arbeidsplassar i næringsmiddelindustrien. Forbundet meiner blant anna at Norge ikkje må gje tollfri tilgang for landbruksprodukt.

Publisert: