Her testar Shell og co. framtidas havvindteknologi
Havvind er ein viktig ingrediens i regjeringa sin plan for det grøne skiftet. Tina Bru besøkte eit havvindlaboratorium i vekst.
- Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)kristine.stensland@schibsted.com

– Eg kan ikkje seia nei til ein båttur! seier olje- og energiminister Tina Bru frå Høgre.
Ho er om bord då ein båt legg frå kai i Haugesund og set kursen mot havområdet utanfor Karmøy der Metcentre testar ut flytande havvindturbinar.
I juni i fjor var ho også på ein båttur som blei godt dokumentert. Den gongen skulle ho fortelja at regjeringa ville opna to område for havvind, Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II.
Sidan den gong har næringa mobilisert for å posisjonera seg for å få bygga ut dei norske områda. Kven det blir, er framleis uvisst.
I Utsira Nord er det så djupt at ein må ha flytande turbinar. Denne teknologien er fersk, og det er her testkapasiteten til Metcentre kjem inn i bildet.
Shell testar turbin
Ute i sjøen ventar dei flytande havturbinane Unitech Zephyros og TetraSpar. Dei er plasserte med 1,5 kilometers mellomrom.
– Mange lurer nok på om det er denne teknologien me vil ta i bruk dersom me får bygga i Utsira Nord. Men det er det for tidleg å seia. Erfaringa me haustar herifrå vil uansett vera gull verdt, seier Fredrik Celius i Shell som er prosjektleiar for havvindsatsinga til Shell, BKK og Lyse.
TetraSpar er eit samarbeidsprosjekt mellom Shell, Stiesdal, RWE og TEPCO. Turbinen kom på plass for to veker sidan, og fyrst neste veke vil norske Unitech sørgja for at ein kabel kjem på plass slik at turbinen kan produsera straum.
Tina Bru varsler grønt skatteskifte
– Turbinen er sett saman i Danmark. Men norske IKM har fått servicekontrakten, seier Celius.
Diameteren til turbinen, som kan generera 3,6 megawatt, er 120 meter. Som fleire av representantane til Shell påpeiker, så er dette lite samanlikna med kva ein kan venta seg av framtidige turbinar i produksjon. Ein snakkar då om i alle fall 10 megawatt.
Testsenteret vil veksa
Testsenteret Metcentre har store planar framover. Dei to turbinane dei har ute no, bruker den konsesjonskapasiteten dei har. Derfor har dei søkt om å få utvida til 85 megawatt, ein søknad som no skal ut på høyring.
– Neste år kjem Flagship, eit prosjekt som er leia av Ibedrola med fleire norske samarbeidspartnarar. Løysinga er utvikla av norske dr. techn Olav Olsen. Turbinen er på meir enn 10 megawatt. Det blir verdas største flytande vindturbin, seier Mads Arild Vedøy som er prosjektleiar ved Metcentre.
Tina Bru med gladmelding til havvind-senter
Målet til senteret er ifølge Vedøy å tiltrekka seg internasjonale aktørar for å kopla på norske bedrifter.
– Me har eit eige punkt i kontrakten om at dei skal prøva å bruka norske aktørar der det er eit alternativ, seier Vedøy.
I framtida kan han få oppdrag på vindturbinar på størrelse med oljeplattformer
Veteranen på feltet
Unitech Zephyros, som er god for 2,3 megawatt, er for ein veteran å rekna. Han blei installert i 2009, då under namnet Hywind Demo med eigaren Equinor. Med Unitech som eigarar utgjer Zephyros no ein del av testutstyret som katapultsenteret Sustainable Energy har til disposisjon.
– No blåser det 7–8 meter per sekund. 40 prosent av produksjonskapasiteten på 2,3 megawatt er i bruk. På eitt døgn produserer turbinen då årsforbruket til tre hus, seier Gunnar Birkeland i Unitech.
Sustainable Energy testar blant anna overvakingsutyr frå selskapet Spor som skal kartlegga fuglelivet rundt turbinane. For sjølv om produksjon av fornybar energi blir gjort til fordel for miljøet, så vil store turbinar kunna ha konsekvensar for miljøet der dei står, og desse er bransjen opptatt av å kartlegga.