Listhaug åt­varar mot statlege klima­milliardar

Elektrifisering av sokkelen må skrotast, og verna vassdrag må under lupa for mogleg kraftutbygging. Slik vil Frp-leiaren sikra nok kraft til norsk industrisatsing.

Frp-leiar Sylvi Listhaug fekk omvising av partikollega Thor Inge Kalberg då ho fredag besøkte Jæren. Her er ho ved Fagrafjell-anlegget til Statnett.
Publisert: Publisert:

Frp-leiar Sylvi Listhaug ser utover Jæren frå ein topp der Kalberg, eller «Kalberg Valley» som tilhengarane av industriell utbygging i området gjerne kallar det, er godt synleg. Vender ho blikket rett ned, ser ho Fagrafjell der er Statnett i ferd med å bygga ein svær transformatorstasjon der ein ny motorveg for straum skal koplast til.

Ho er ikkje komen for å kommentera i lokalpolitikken i Time, der fleire debattar står att før industriell utbygging på Kalberg kan starta opp. Men lokallaget er ein del av det knappe fleirtalet som ivrar for ei slik utbygging, og ho er her fordi nokon av dei vil visa fram lokal næringsutvikling for partileiaren sin. Men Kalberg er også direkte relevant for temaet Listhaug vil snakka om, nasjonal energipolitikk. For det er tilgangen til mykje kraft som gjer at industriaktørar ser til nett dette området.

Batteriselskapet Beyonder har tidlegare sagt at dei vurderer Kalberg som eitt av to alternativ når dei skal bygga stor fabrikk. På bakgrunn av dei høge straumprisane ein har hatt i Sør-Norge den siste tida, spurte Aftenbladet nyleg om dei trur straumprisane vil trua satsinga på kraftkrevjande industri i sør. Ja, var svaret.

Er Nord-Norge aktuelt for dykk? spurte Aftenbladet vidare. «Me ser på alle moglegheiter som gjer at me kan vera oppe og gå med fullskala produksjon i 2025», svarte Beyonder.

Les også

Jakter de perfekte trærne til produksjon av batterier

Les også

Norsk batterifeber kan gi titusenvis av nye arbeidsplasser. Men det krever mer strøm.

– Symbolske klimatiltak

Listhaug vil ha tilstrekkelege mengder og låg nok pris på straum til at norsk industri kan etablera nye arbeidsplassar. Det fyrste ho vil til livs for å sikra dette, er planane om elektrifisering av olje- og gassinstallasjonar.

Norge har bestemt seg for å kutta halvparten av utsleppa frå olje- og gassindustrien innan 2030. Olje- og energiminister Terje Aasland meiner elektrifiseringa av sokkelen er avgjerande om ein skal klara dette.

Listhaug veit at det går diskusjonar i fleire parti, blant anna i Høgre der Sveinung Stensland frå Rogaland er blant dei som har løfta debatten.

Les også

Problemer i kø for den nye oljestatsråden: – Skrekkblandet fryd

– Politikarar på Vestlandet bør vakna opp og ta til orde for å stansa dette. Det er her ein verkeleg blir ramma av det i form av at ein ikkje får etablert andre typar arbeidsplassar på land, seier ho.

– Eit av argumenta som blir brukt til fordel for elektrifisering, er at det må til for å nå norske klimamål. Korleis vil de nå desse måla utan elektrifisering?

– Det er jo det som er så håplaust med måten ein har innretta politikken på. Her gjennomfører ein symbolske klimatiltak som berre pyntar på resultata i Norge. Men dei kan ikkje visa til at det gjev global klimaeffekt, for gassen som ikkje blir brukt på sokkelen, blir selt til Europa. Her må det realisme inn.

Betyr det at Norge bør gje opp å nå eigne klimamål?

– Ein må ta utsleppskutt som er reelle for verda. Det gjer me til dømes med elbilar som gjer at utsleppa går ned. Me må også satsa på ny teknologi som reduserer utsleppa. Dessutan har me sagt at skogen må telja med i karbonrekneskapen, noko ein gjer i Europa.

Meir vasskraft

Når det gjeld auka kraftproduksjon, er det vasskraft Listhaug helst snakkar om.

– Ein ting er å utbetra eksisterande vasskraftverk. Der er det gjort nokon knepp når det gjeld skatt, men det kunne ha vore gjort meir. I tillegg bør ein gå i gang og sjå på dei verna vassdraga og sjå kva for nokon av dei det er mogleg å bygga ut på ein skånsam måte.

389 vassdrag i Norge er i dag anten heilt eller delvis verna mot utbygging. Statsminister Jonas Gahr Støre er open for å sjå på kraftutbygging i verna vassdrag, samstundes som han seier at verning av vassdrag og naturverdiar er noko han held høgt.

Høgre har varsla at regjeringa kan rekna med støtte frå dei for å vurdera såkalla «skånsam utbygging» av verna vassdrag.

– Kva legg de i skånsam utbygging?

– Før var det snakk om sprenging og massive inngrep. I dag er teknologien slik at ein kan få til kraftproduksjon med mykje mindre inngrep. Me meiner det raserer naturen mykje mindre enn det vindkraft gjer, svarer Listhaug.

– Kor mykje meir kraft legg de til grunn at det er mogleg å produsera med vasskraft?

– Der finst det jo ulike utrekningar. Men me meiner de er grunnlag for å få bygd ut ganske bra med kraft.

Frp vil berre opna for ny vindkraft på land dersom lokalsamfunna seier ja til dette gjennom folkerøysting.

– Næringslivet må ta risiko

Havvind var nyleg høgt oppe på agendaen i den offentlege debatten. Hybridkablar, ei kopling for norsk havvind til utlandet, var då av dei store stridstemaa, og regjeringa enda med å ikkje seia ja til dette, i alle fall ikkje i denne omgang. Den fyrste havvinden i norsk farvatn skal derfor utelukkande gå inn til det norske straumnettet for å hindra at endå ei kopling til utlandet driv opp norske straumprisar. Men havvindindustrien meiner hybridkablar er nødvendige for å gjera utbyggingane lønsame utan statleg støtte.

– Me vil ikkje vera med på noko som gjev høgare prisar for den norske befolkninga. Havvind er veldig kostbart å produsera, og det er snakk om massive statlege subsidiar. Når det er snakk om klima ser det ut til at det ikkje er grenser for kor mykje pengar ein kan ausa ut, seier Listhaug.

No snakkar ho ikkje berre om havvind. Ho har til dømes ikkje noko til overs for milliardane som er lova til prosjektet Langskip, som gjeld karbonfangst og -lagring.

– Dersom ein har trua på at noko er lønsamt, må ein forventa at det private næringslivet tar ein større risiko og tar meir av rekninga, i staden for at skattebetalarane skal måtta gjera det.

Publisert: