Får havvind-kontrakt på over 5 milliardar

I løpet av dei komande åra vil haugesundarar sjå til saman seks havvind-plattformer hos verftet til Aibel.

Mads Andersen ved ei av plattformene som skal til Dogger Bank.
Publisert: Publisert:

Aibel sitt verft i Haugesund har fått endå eit oppdrag innan havvind. Denne gongen er det danske Ørsted som vil ha dei med på det britiske prosjektet Hornsea 3. Aibel skal bidra med to omformarplattformer.

– Det er veldig gjævt å få ein kontrakt med verdas største utbyggar av havvind, seier Aibel-sjef Mads Andersen.

Totalsummen er på over 5 milliardar kroner.

For kvar av plattformene reknar dei med eitt års installasjonsarbeid i Haugesund. Bygginga skal skje hos Aibel i Thailand, og designarbeidet blir gjort i Asker.

Les også

Aibel-gruppen med omsetningsrekord

Den samla kapasiteten til plattformene vil vera opptil 2,8 gigawatt. Ein ventar at prosjektet kan produsera nok energi til å møta det daglege, gjennomsnittlege behovet til over 3 millionar britiske husstandar.

Den nye havvind-kontrakten kjem på toppen av tre plattformer til britiske Dogger Bank Wind Farm, verdas største havvindpark, og plattforma til det tyske Dolwin-prosjektet. Den fyrste Dogger Bank-plattforma ligg no i Haugesund. Hornsea – plattformene kjem truleg frå Thailand i 2025.

Når Hornsea-prosjektet no er sikra, består 60 prosent av ordrereserven til Aibel av anten havvind eller oppdrag knytt til elektrifisering. Dei bidrar blant anna til elektrifiseringa av Oseberg og Kårstø. Andersen svarer ikkje på kor stor del av reserven som består av havvind isolert.

Publisert: