Jordvern-konfliktar i pressområde: Her tapte matjorda

Når Fylkesmannen prøver å stoppa kommunale planar på grunn av jordvern, hender det likevel at kommunaldepartementet seier ja. Eit ferskt eksempel finn ein i Sola.

Publisert: Publisert:
Sola kommune vil utvida Risavika næringsområde på Tjora. Dette er det siste området kommunen har igjen til næringsutvikling innanfor jordverngrensa som skal gjelda til 2040. Arealet er no godkjent til næring på kommuneplannivå, men skal seinare gjennom ein vanleg reguleringsplanprosess.
iconDenne artikkelen er over to år gammel

I fjor var Rogaland det fylket i landet som omdisponerte mest matjord, med til saman 621 dekar. I Rogaland er målet at ein innan 2022 ikkje skal omdisponera meir enn 400 dekar. Det nasjonale målet er at ein ikkje skal omdisponera meir enn 4000 dekar. Det målet nådde ein i fjor.

Etter at Aftenbladet melde dette, blei landbruks- og matminister Olaug V. Bollestad spurt om kva ho synest om talet frå heimfylket. Men departementet hennar er ikkje det einaste som speler ei viktig rolle i det nasjonale jordvernet.

Jordvern er ofte eitt av momenta kommunane må ta omsyn til når dei lagar planar. Dersom andre offentlege instansar er ueinige med kommunane, kan dei fremma motsegn. Om dette ikkje løyser seg gjennom mekling, er det Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) som har det siste ordet i saka.

«Kommunane tar ansvar»

Heidi Nakken (Høgre) er statssekretær i KMD. Ho fortel at jordvern er ein del av motsegnene i rundt ti til tjue prosent av dei kommunale planane dei behandlar.

– Det er relativt få slike saker fordi kommunane har eit aukande fokus på jordvern. Dei tar veldig stort ansvar, seier Nakken.

Ho skildrar planarbeidet som eit puslespel.

– Me ser på balansen. Om kommunane tar eit område med jordbruksjord, tilbakefører dei gjerne eit anna område som tidlegare var regulert til utbygging.

Nakken understrekar at det kan vera stor forskjell på kvaliteten til det som blir rekna som jordbruksjord.

– Det sit lenger inne å ta ein åker med matkorn kontra eit gjengrodd hjørne der det ikkje er blitt dyrka noko på 40 år. Og ofte kan nybrotsmark i nye område ha betre kvalitet enn det området ein tar.

– Sjå føre deg at ein kommune har brukt opp alle utbyggingsområde som ikkje er på god, dyrka mark. Men så vil dei vil så gjerne ha fleire bustadar og arbeidsplassar. Vil bygging då få forrang, eller kjem matjorda fyrst?

– Jordvern står høgt på lista, men det gjer også næringsutvikling og busetting. I dag er det ikkje mange kommunar som ikkje har rom for å bygga utanfor landbruksjord. Men når me går inn i slike saker, ser ein at det kanskje er fornuftig å bygga på ein bit som ligg ved sida av sentrum og veksla inn i jord ein annan stad i kommunen, seier Nakken.

Statssekretær Heidi Nakken frå Høgre har ansvar for plan- og byggesaker i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Støtta Sola mot Fylkesmannen

I vår tok KMD stilling til kommuneplanen til Sola. Her hadde Fylkesmannen i Rogaland fremma motsegn, mellom anna av omsyn til jordvern. Då svaret kom frå KMD i mai, fekk kommunen medhald i spørsmåla der jordvern var involvert.

På Joa ville kommunen endra eit område på tre dekar med tenesteyting til bustad. Det ligg no eit gammalt militærsjukehus der. Fylkesmannen protesterte og viste til at området ligg i kjerneområdet for landbruk og på landbrukssida av langsiktig grense for landbruk.

Fylkesmannen hevdar at bustadar i eit slikt område vil bli ein satellitt i jordbrukslandskapet og punktera eit viktig landbruksareal. Han fryktar at konfliktar mellom landbruks- og bustadinteresser kan føra til utbyggingspress på landbruksområda rundt.

Sola kommune meiner på si side at det vil vera mogleg å avgrensa utbygginga innanfor den langsiktige landbruksgrensa. KMD legg i svaret vekt på at kommunen ønsker ei opprydding på området, og at dei meiner bustadformål er det beste måten å løysa det på.

Kommunen ønskte også å utvida Risavika næringsområdet. Det dreier seg om 100 dekar som ligg på utbyggingssida av jordverngrensa. Fylkesmannen meiner dette arealet ikkje bør bli teke i bruk som næringsområde før det er strengt nødvendig. Han viser til at dette arealet på Tjora er det einaste arealet for utviding av næringsområde som står att innanfor jordverngrensa som skal vara til 2040.

I begge sakene fekk Fylkesmannen støtte frå Landbruks- og matdepartementet. Dette departementet viser til at det er blitt omdisponert cirka 2.500 dekar dyrka jord i Sola kommune i perioden 2007–2016, noko som er nest mest blant alle dei norske kommunane denne perioden. På Tjora er det snakk om ei betydeleg mengde dyrka jord av høg kvalitet i eit større, samanhengande jordbruksområde.

KMD kom fram til at omsynet til langsiktig planlegging innanfor Risavika hamneområde måtte bli avgjerande, og godkjende ønsket til Sola kommune. Men KMD la til at dette inneber ei forplikting for kommunen og aktørane i hamneområdet. Dei må halda seg innanfor jordverngrensa i overskodeleg framtid.

Ikkje bekymra for navlestiring

– I avgjerda viser de til at Sola er forplikta til å respektera jordverngrensa i framtida. Korleis sørgjer de for at dette ikkje berre blir fine ord som blir gløymde neste gong eit utbyggingsønske kjem i konflikt med jordvernet?

– Det er det eigentleg litt vanskeleg å svara på. Det handlar om tillit til lokalsamfunna og lokaldemokratiet. Eg trur at dei folkevalde har eit ønske om å gjera det beste for kommunen sin, svarer Nakken.

– Men kan ikkje lokale politikarar la seg freista av ønsket om å få fleire skattekroner gjennom bustad- og næringsutvikling i eigen kommune, medan dei satsar på at andre kommunar tar seg av jordvernet?

– Jordvernet er nasjonal politikk. Skattekroner til kommunane er også veldig viktig, det same er innbyggartal og næringsutvikling. Eg har tru på at dei som sit i lokalsamfunna er dei beste til å finna løysingar. Av og til blir dei ikkje einige med Fylkesmannen, og då kjem det til oss. Men med tanke på kor mange planar som blir laga i kommunane, er det få som kjem til mitt bord. Eg opplever oftast at kommunane er nøgde med kompromissa. Eg er ikkje bekymra for at kommunane blir for navlestirande, seier Nakken.

«Totalen går i pluss»

I Skodje kommune i Møre og Romsdal ønskte kommunen å legga til rette for fleire bustadar. Dei ville derfor omdisponera 38 dekar dyrka mark innanfor kjerneområdet for landbruk. KMD sa ja. Departementet la vekt på at kommunen tilbakeførte eit større område tilbake til landbruket.

– Skodje er eit godt eksempel på at kommunen har fått ei totalpakke der dei får til sentrumsutvikling samtidig som totalen for landbruksjord i arealplanen går i pluss. Dei treng utvikling av lokalsamfunnet, samstundes som det ikkje er eit akutt behov for den spesifikke lappen til jordbruk.

– Har det då ikkje noko å seia kva som er definert som kjerneområde for landbruk?

– Samfunnet utviklar seg jo, så kvar kjerneområdet er, endrar seg også. Poenget er at balansen held seg god, seier Nakken.

Les også

Matfylket Rogaland er dårlegast i landet på jordvern

Les også

Jordvernar trur nye E39 kan gje vinn-vinn-situasjon

Les også

Vil vurdera innstramming av jordvernmål

LES OGSÅ: I Sør-Rogaland går opp mot 200 dekar meir jordbruksareal med i Vegvesenets val av E39-trase. Bønder er fortvila

Publisert: