Betring i sikte for hotella: - Vi får fleire forretningskundar

Etter eit tøft hotellår i 2016, kan botnen no vere nådd. Hotella i Stavanger-regionen selde fleire rom i februar enn same månad i fjor.

Publisert: Publisert:

– Vi ser ein oppgang i forretningsmarknaden, seier hotelldirektør Ruth-Hege Holst i Scandic Stavanger City. Foto: Fredrik Refvem

  • Birgitte Flote
    Journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

– I Stavanger ser vi teikn på at botnen er nådd. Vi ser mellom anna vekst i talet solgt rom. Det kan sjå ut som trenden er at det flatar ut, seier hotellanalytikar Peter Wiederstrøm.

Statistikk frå Wiederstrøm Hotel Consulting og Benchmarking Alliance viser at om lag tre prosent fleire rom vart solgt i regionen i februar samanlikna med same månad i fjor.

Eg er mykje meir optimistisk enn eg var i fjor

Statistikken er basert på innrapportering frå hotella. Stavanger, Sandnes, Sola og Jæren vert sett under eitt.

Hotelldirektør Linda Vågen Pedersen Svandic Stavanger Airport er langt meir optimistisk enn ho var i fjor. Foto: Torstein Lillevik

- Fleire forretningskundar

– Vi ser ein oppgang i forretningsmarknaden no, og innbookinga framover er betre, seier hotelldirektør Ruth-Hege Holst i Scandic Stavanger City.

Også hotelldirektør Linda Vågen Pedersen ved Scandic Stavanger Airport, merkar forretningskundane.

Les også

Stavanger-regionen friskner til etter oljesmellen

Les også

«Stavanger er halvveis til 10.000 nye jobber»

– Vi har fleire konferansar, i tillegg til at det er fleire forretningskundar som kjem til oss. Rombelegget for den siste tida er nok ganske likt som i fjor, men innbookinga framover ser mykje betre ut, både med tanke på rom og konferanse.

– Vi får ein del trafikk frå offshore og merkar at det er fleire kontraktar og meir som skjer. Firmaene startar å arrangere konferansar att, seier ho.

Hotellet var gjennom fleire runder med nedbemanning i 2016.

– Vi måtte nedbemanne grunna den vanskelege situasjonen i marknaden. Men no trur eg vi er ferdig å nedbemanne og er rusta til å ta 2017 med storm. Eg er mykje meir optimistisk enn eg var i fjor.

Slik blir nye Atlantic hotellHotell i særklasse: Ekstraordinære ansatte som yter prima serviceHotell-Stavanger har størst prisnedgang i landet

Fallande prisar

Årsaka til den negative utviklinga i 2016 er ikkje berre oljeprisfallet og nedgangen i oljerelatert industri - det har òg samanheng med ei stor auke i kapasitet. Betringa no heng difor også saman med at kapasiteten er noko lågare fordi Atlantic hotell er under oppussing.

41,2 prosent av alle tilgjengelege rom i Stavanger- regionen var leigde ut i feburar, medan prosentandelen på same tid i fjor var 38,8.

– Sjølv om situasjonen snur, ser vi at prisane fell. Dette er heller ikkje unormalt, ofte tek ikkje prisane seg opp med det same ting går betre.

Gjennomsnittsprisen på eit hotellrom i Stavanger er i underkant av 850 i februar. Det er ein nedgang på 5,7 prosent frå året før.

For 2016 samla var gjennomsnittsprisen på 889 kroner etter ein nedgang på over ti prosent frå året før. Prisnedgangen var den største i landet.

Sauda Fjordhotell overlever med ny eigarStordalen kjøper seg opp i Forus-hotellBoligprisene stiger i Stavanger
Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Brekkebua i Sirdal var få uker unna åpning. Natt til mandag ble den totalskadet i brann.

  2. Nytt smittetilfelle i Stavanger

  3. – Til slutt står du foran ditt eget speilbilde og sier «Ohhh, Hot Mama!».

  4. Ble gravd ut for hånd etter spreng­nings­uhell

  5. Fryktet livsverket skulle gå opp i røyk i Mekjarvik-brann

  6. Vgs-elevene får komme tilbake på skolen onsdag

  1. Stavanger
  2. Hotell
  3. Scandic
  4. Nedbemanning
  5. Oljekuttene