Meir restskatt til rogalendingane

Skatteoppgjeret for inntektsåret 2015 er no klart. Tala for Rogaland viser at nokre færre har pengar til gode og at restskatten aukar.

Publisert: Publisert:

Illustrasjonsfoto.

Dette skriv Skatt vest i ein pressemelding.

Skatteoppgjeret viser resultatet av Skatteetaten si behandling av sjølvmeldinga. Det viser om skattytar har betalt for mykje eller for lite skatt i løpet av inntektsåret 2015.

I Rogaland får 261.371 skattytarar totalt 3,75 milliardar kroner igjen på skatten, som i snitt er 14.375 kroner. Til samanlikning med 2014 hadde 261.751 rogalendingar pengar til gode, noko som var eit snitt på 14.369 kroner kvar.

Avdelingsdirektør Marta Johanne Gjengedal. Foto: Skatt vest

Les også

Bjørn Risa økte formuen med 50 prosent

Les også

Norges 50 rikeste får en milliard i skattelette

Fleire med restskatt

73.324 skattytarar i Rogaland må til saman betale 2 milliardar kroner i restkatt. Dette er eit snitt på 28.195 kroner. I 2014 fekk 72.339 skattytarar ein total restskatt på kr 1,8 milliardar, noko som var eit snitt på 25.662 kroner kvar.

I Stavanger får 73.574 skattytarar i gjennomsnitt 15.610 kroner igjen på skatten.

22.168 må i snitt betale 33.195 kroner i restskatt. I Sandnes har 40.075 skattytarar i gjennomsnitt 13.971 kroner til gode, mens 11.640 må i snitt betale 26.683 kroner i restskatt.

På Karmøy får 23.215 skattytarar i gjennomsnitt 13.076 kroner til gode, mens 5978 i snitt må betala 21.680 kroner i restskatt. I Haugesund får 21.653 skattytarar i gjennomsnitt 13.479 til gode, mens 5243 i gjennomsnitt må betale 22.996 kroner i restskatt.

Viktig å sjekke skattekortet

− Mykje kan endre seg i økonomien din gjennom året. Det kan slå ut på skatteoppgjeret ditt, om du får pengar att eller restskatt. Eit mest mogleg rett skattekort er viktig for å få eit mest mogleg korrekt skatteoppgjer, seier avdelingsdirektør Marta Johanne Gjengedal, Fastsetjing i Skatt vest.

− Det er viktig å endre skattekortet viss du til dømes har skifta jobb eller endra sivilstand, legg ho til.

Fredag 14. oktober er skattelistene for 2015 tilgjengelege på skatteetaten.no.

Publisert:

Les også

  1. Vil ha bedre skole fremfor skattelette

  2. Fjerner milliard fra tiltakspakke – får slakt av eksperter

  3. Politikere tjener godt på egne skattekutt

Mest lest akkurat nå

  1. Da Charlotte Selstø fikk korona var det særlig to symptomer som dominerte

  2. Jobbet uten sikring i høyden. Fikk 117.000 kroner i «straks-bot»

  3. Se Pøbel sitt penis-stunt i Stavanger

  4. Elev på Stavanger-skole smittet med korona - hele trinnet i karantene

  5. Fritidsbolig totalskadd etter brann i Sandnes

  6. Kan tre familier være samlet? Og telles et par som en person? Kommuneoverlegen svarer

  1. Økonomi
  2. Skatteetaten
  3. Rogaland
  4. Stavanger
  5. Sandnes