Sandnes-selskap får EU-millionar til hydrogensatsing
Tidlegare har dei kjempa mot lukta i Hillevåg. No samlar Seid kreftene mot klimaendringane.
- Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)kristine.stensland@schibsted.com

EU ønsker å dyrka fram best mogleg teknologi for hydrogenproduksjon.
No har Sandnes-selskapet Seid fått 30 millionar kroner til å utvikla hydrogen-teknologien sin gjennom EU-programmet Horizon Europe.
Seid har 25 tilsette. Hovudkontoret ligg i Sandnes.
– No vil me skalera opp, seier Terje Hauan, direktør for strategi og forretningsutvikling i Seid.
Hauan fortel at selskapet har eksistert sidan 1997.
– Me har blant anna levert luftreinseanlegg til Felleskjøpet og Skretting i Hillevåg.
Lyse og Hatteland
I ein periode hadde selskapet tyske eigarar. Då desse trekte seg ut i 2020, fekk det ein omstart og namnet Seid.
Leiinga og tilsette eig 66 prosent av selskapet. I fjor fekk dei inn fleire nye investorar, blant anna Lyse Vekst, Herfo finans og Hatteland.
I 2020 hadde Seid ei omsetting på 22 millionar kroner. Årsresultatet blei seks millionar kroner i minus.
– I fjor auka me omsettinga med 50 prosent, og målet for i år er ei omsetting på 60 millionar kroner, seier Hauan.
Karbon i staden for klimagass
EU ser på hydrogen som ei viktig brikke om dei skal klara å nå måla sine om kutt i klimagassutslepp.
Hydrogen kan blant anna bli brukt til drivstoff der det fungerer dårleg med batteri.
I dag er det vanlegast å laga hydrogen av naturgass. Metoden ein bruker, gjev klimagassen karbondioksid som rest.
Ein må lagra klimagassen dersom slikt hydrogen skal bli rekna som utsleppsfritt. Dette vil blant anna det lokale selskapet Horisont Energi gjera.
Seid vil også bruka naturgass, eller biogass. Men dei vil gjera det på ein måte som gjev fast karbon som restprodukt, i staden for karbondioksid.
Karbonet kan få nye bruksområde. Hauan nemner bildekk og måling.
– Bruk av karbon blir ein ny industri, for ein har aldri produsert så store mengder av det før, seier han.
Jakter de perfekte trærne til produksjon av batterier
Produksjon i konteinar
Universitetet i Stavanger og forskingssenteret Norce er nokon av samarbeidspartnarane Seid har med seg i prosjektet, som er kalla Coldspark.
Fyrsteamanuensis Sachin Maruti Chavan ved UiS er ein av dei som er involverte.
– Denne rimelege, effektive og Co₂-frie hydrogenproduksjonen passar perfekt med UiS sitt mål om grøn omstilling, seier han.
Chavan meiner det vil vera eit stort gjennombrot innan hydrogenproduksjon dersom dei lykkast med å validera Coldspark-teknologien.
Seid ser føre seg å plassera teknologien i konteinarar som ein kan setja opp i nærleiken av gassinfrastruktur.
Her skal eit elektrisk felt få molekyla i bio- eller naturgassen til å skilja seg frå kvarandre slik at ein sit att med hydrogenatom og karbonatom.
Ifølgje Hauan skal dette krevja mindre energi enn det krev å laga hydrogen av vatn gjennom elektrolyse, som er eit anna utsleppsfritt alternativ.