Øglænd er årets bedrift

Jærsk bedriftskultur og sterkt medvit om industriell arv er blant grunngjevinga for at det Klepp- baserte selskapet Øglænd System Gruppen fekk prisen Årets bedrift.

Konsernsjef Geir Austigard mottok onsdag prisen Årets bedrift på vegne av Øglænd System Gruppen.
  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Prisen vart i år delt ut for trettiande gong. Bedrifta konkurrerte mot Lervig Aktiebryggeri, Block Berge Bygg, Bavaria Nordic og Fiskå Mølle.

Øglænd produserer utstyr til olje-, skipsfart og fornybarnæringa. Mellom anna produserer dei kabelbaner, kabelstiger og opphengssystem.

Selskapet har hovudkontor på Klepp, er til stades i tolv land og omsette for 1,7 milliardar kroner i fjor. Dei har om lag 300 tilsette.

– Smarte løysingar

I grunngivinga frå juryen står det at vinnaren utviklar smarte løysingar til næringar som har stort behov for dette.

I tillegg meiner juryen selskapet har ein sterk bedriftskultur, og gir konsernsjef Geir Austigard mykje av æra for dette. Han vert av juryen skildra med ord som open, raus og handlekraftig.

Jærsk bedriftskultur

– Dei har eit sterkt medvit om eigen industriell arv og jærsk kultur; den «goa jærske tyå». Denne vert kombinerte med at dei skaper rom for unge talent, både nasjonalt og internasjonalt, skriv juryen i grunngjevinga.

Prisen Årets bedrift vart etablert av Næringsforeningen og Handelsbanken i 1987. Føremålet er å gi næringslivet høgare status ovanfor innbyggarane i regionen og myndigheitene, og å skape betre bedriftskultur.

- Enormt viktig at Statoil tror på norsk sokkelTidenes oljefest for Øglænd System

Dette er kriteria som juryen har lagt til grunn:

  • Bedrifta har hovudaktivitet i Stavanger-regionen.
  • Bedrifta har vore i stabil verksemd i nokre år.
  • Bedrifta har utmerka seg på eitt område det siste eller dei par siste åra.

Årets jury har bestått av følgande personar:

  • Harald Minge, Næringsforeningen
  • Tone Grindland, Stavanger kommune
  • Harald Mjølne, Sandnes Garn AS (tidlegare prisvinnar)
  • Hans Kristian Mong, Egersund Group AS (tidlegare prisvinnar)
  • Ole Henry Slette, Handelsbanken
  • Steinar Aasland, MRC Global Norway AS/Næringsforeningen (juryleder)
- Fullt mulig med oljeleting langs jærkysten
Publisert:
  1. Næringsliv
  2. Bedriftskultur
  3. Klepp

Mest lest akkurat nå

  1. Før var strømprisene lavest i Sør-Norge. Så skjedde det noe

  2. Flere unge kan ikke lenger bruke en vanlig datamaskin: – Holder ikke med et kurs

  3. Ryfast: Stenges to ganger i døgnet i 10 dager

  4. Bendi fra Sandnes skal til Bocuse d'Or: – Når jeg først har sagt at jeg skal gjøre noe, gjør jeg det

  5. Disse har søkt på jobben som kultursjef i Stavanger

  6. Marerittkveld for Haaland og Dortmund: Største tap i Champions League