Agder Energi vil bygga flytande havvind

Agder Energi går saman med Green Investement Group for å søka om å få bygga ut i Utsira Nord.

Flytande havvindturbinar blir testa ut på Metcentre utanfor Karmøy. Desse to er eigde av Shell og Unitech, og er ikkje direkte knytte til saka.
Publisert: Publisert:

To norske område blei sommaren 2020 opna for utbygging av havvind, Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II.

Mange store og små selskap har gått saman i konstellasjonar og varsla at dei kjem til å søka på å få lov til å bygga ut norsk havvind når rettleiaren for dette er på plass.

No melder Agder Energi at dei ønsker å bygga ut havvind i Utsira Nord. I dette området er det opna for utbygging av til saman 1,5 gigawatt.

Kraftselskapet Agder Energi har fått med seg Green Investement Group (GIG) på laget. GIG blei etablert av den britiske regjeringa i 2012, men blei kjøpt av finanskonsernet Macquarie i 2017.

Les også

Starta havvind-protest: – Urørt natur er livsnødvendig

I Utsira Nord er det så djupt at det er flytande vindturbinar som er aktuelle.

Foreløpig finst det ikkje mange flytande havvindturbinar i drift i verda, og med utbygginga i Utsira Nord håper ein å bygga ny, norsk industri.

Equinor-prosjektet Hywind Tampen er allereie under bygging, og når det er i drift, vil det vera verdas største flytande havvindanlegg med 11 turbinar og ein effekt på 88 megawatt.

Men det er ikkje sikkert Norge blir liggande i tet særleg lenge. Skottland delte nyleg ut fleire havvindområde, deriblant 17 tildelingar til flytande prosjekt.

GIG, samarbeidspartnaren til Agder Energi, er frå før av involvert i utviklinga av over 15 gigawatt havvind, fordelt på både flytande og botnfast.

Les også

Skottane tildelte havvindområde: – Norge kjem ikkje ut av startblokka

Frå tidlegare er det kjent at Agder Energi vil søka på å få bygga ut i Sørlige Nordsjø II. Her samarbeider dei med Hitecvision-selskapet Vårgrønn og GIG.

25 kommunar i Agder fylke eig til saman eig 54,5 prosent av Agder Energi. Resten av selskapet er eigd av Statkraft.

Publisert: