3,8 milliardar til gode til rogalendingar
Færre rogalendingar restskatt og fleire har pengar til gode frå 2016 samanlikna med 2015.

Skatteoppgjeret viser resultatet av Skatteetaten si behandling av skattemeldinga. Det viser om skattytar har betalt for mykje eller for lite skatt i løpet av inntektsåret 2016.
I Rogaland får 270.269 skattytarar totalt 3,8 milliardar kroner igjen på skatten. Det er i snitt 13.997 kroner. I fjor hadde 261.371 rogalendingar i snitt 14.375 kroner til gode, melder Skatteetaten i ein pressemelding.
Tal frå alle kommunar og frå tidlegare år finn du på skatteetaten.no.
1,8 mrd i restskatt
64.866 skattytarar i fylket må til saman betale nær 1,8 milliardar kroner i restskatt. Dette er eit snitt på 27.085 kroner. I fjor måtte 73.324 rogalendingar betale til saman 2 milliardar kroner i restskatt, eit snitt på 28.195 kroner.
I Stavanger får 75.299 skattytarar i gjennomsnitt 15.191 kroner igjen på skatten.
19.566 personar må i snitt betale 30.940 i restskatt. I Sandnes har 41.428 skattytarar i gjennomsnitt 13.506 kroner til gode, mens 10.582 personar i snitt må betale 25.951 kroner i restskatt.
Du kan endre sjølv
Med ny skatteforvaltningslov som kom 1. januar i år, fastset du sjølv grunnlaget for skatten din når du oppgir inntekt, formue, gjeld og frådrag i skattemeldinga di.
− Oppdagar du noko som manglar eller er feil, treng du i dei aller fleste tilfella ikkje
sende klage på skatteoppgjeret. No skal du endre desse opplysningane sjølv, og det kan du gjere opp til tre år etter leveringsfristen for inntektsåret 2016, seier avdelingsdirektør Marta Johanne Gjengedal, Fastsetjing i Skatt vest.
Les også
Mest lest akkurat nå
Har bodd i Tananger i to måneder. Nå tar mormor med seg Zlata (9) og Demid (3) hjem til Ukraina
For folk vil koke over fra livet og ned, og fryse seg i hjel fra livet og opp! Genialt konsept!
Jærbanen stengt etter hendelse
Travel natt for politiet
Se bildene fra russetoget her
Årets folketog i Stavanger