Tommy har vore permittert frå oljeservice-jobben sidan oktober. Nå satser han alt på jobb i helsesektoren

Roughnecken Tommy Hansen håper å byta ut lagerjobben i «oljå» med fast jobb i helsesektoren. Torsdag føremiddag møter han og 160 andre menn, til allmøte i regi av den nasjonale satsinga Menn i helse.

– Oilers er jo livet mitt, det, seier Tommy Hansen om sin store lidenskap. Roughnecken vart permittert frå lagerjobben hjå North Sea Cables i oktober, og har leitt etter jobb sidan. No rettar han blikket mot helsesektoren. Foto: Privat

  • Snorre Standish Norheim
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

13. oktober vart Tommy Hansen permittert frå lageret til North Sea Cables, der han kutta elektriske kablar til skip og plattformer. Ved tidlegare oljekriser har reiarane pleidd å bruka pusterommet til oppgradering, men denne gongen vart det opplag – med nedskjeringar i bedriftene som er avhengige av oljeordrane.

– Det var veldig tungt å bli permittert. Eg har gjeld oppetter øyra og eig ingenting, heller ikkje bustad, så eg har ingen tryggleik, når eg skal betala ned på lånet. Det håper eg at ein fast jobb i helse og omsorg kan gje meg.

Hansen har gått til Nav og søkt jobbar sidan han fekk den tunge meldinga i fjor haust. Det er lager og truck som er hans felt, men det er mange om beinet og nålauget er smalt, som han seier.

Les også

Nav-sjefen ber ledige flytte fra Rogaland

I aviser og i fjernsynet har han lese om folk som treng hjelp, og kunne godt tenkt seg å syta for at dei fekk det betre. På nettsidene til Mulighetsterminalen såg han plakaten frå Menn i helse, og den kveikte interessa hans.

– Eg liker å hjelpa og har vore interessert i helse, men eg har ikkje tenkt så mykje på det, sidan eg var i jobb – men det verkar jo forlokkande.

Reklameplakaten til den nasjonale satsinga mot menn, har brystkasser pryda med kommunevåpen frå heile landet. Foto: Menn i helse

Rekordstor interesse

«Er du mann nok til ein jobb innan helse?» spør Menn i helse, og ikkje nokon stad har interessa vore større, enn i Rogaland. På allmøtet i Sunnhordland kom det mellom 60 og 70, i andre delar av landet er eit oppmøte på 100 rekna for å vera bra.

– Me hadde eit hårete mål om 150 påmelde, på grunn av situasjonen i olja. Dei som har jobba med prosjektet over tid, sa at det var som å tru på julenissen, seier fylkeskoordinator i Rogaland, Vidar Kringlemoen.

– 161 menn som er nysgjerrige på skifte av karriere, har meldt seg på. I Norge har det aldri tidlegare vore i nærleiken av ei sånn interesse for prosjektet, konstaterer han.

Lovar praksis og fagbrev

At behovet for fleire hender er stort innanfor omsorg, er vel kjent, og det same er det tverrpolitiske ønsket om å flytta personar frå ytingar, over til arbeid. Den nasjonale satsinga er retta mot menn mellom 20 og 55 år.

Bak satsinga står Nav, KS, Fylkesmannen og Helsedirektoratet. Målet med prosjektet er å gje menn som får støtte frå NAV, som er arbeidsledige eller går på arbeidsavklaring, ein ny karriereveg.

– Då kan dei gå frå utanforskap og å vera mottakar av ytingar, til praksis som helserekrutt og til slutt læretid med fagbrev, som helsefagarbeidar, og gode jobbmoglegheiter, meiner Kringlemoen, som kallar opplegget ein «gullbillett».

Tommy Hansen høyrer til den harde kjernen i Roughnecks, supporterklubben til Stavanger Oilers: – Det begynte med ein invitasjon til ein kamp mellom Oilers og Vålerenga. Etter det var eg bitt av basillen. Foto: Privat

Allmøtet er starten

Tommy Hansen har meldt seg på torsdagens allmøte, gjennom sin lokale rettleiar i Nav. Allmøtet som blir halde på Mulighetsterminalen i Stavanger, er uforpliktande, og skal gje meir informasjon om Menn i helse, utdanning og moglegheitene for jobb. Etter dette ventar ein intervjurunde.

Så skal 30 veljast ut til tolv vekers praksis, som helserekrutt på sjukeheim, for å prøva ut omsorgsyrket. Endeleg blir dei 20 best eigna og motiverte kandidatane valde ut til eit komprimert utdanningsløp, med helseteori frå Vg1 og Vg2, og praksis i ein av dei deltakande kommunane, Stavanger, Sandnes og Sola.

Les også

Nav tror på færre arbeidsløse i Rogaland

Vågar ikkje å håpa

Heile familien til Tommy Hansen bur i Trondheim. Han kom til Stavanger under militærtenesta; jobb og tilfeldigheiter gjorde at han vart verande. Han har tenkt på å flytta heim, men det er ikkje sikkert det er nokon jobb å få i Trøndelag.

Dessutan heiter den store kjærleiken Stavanger Oilers. Å gå på kamp er sosialt og mykje betre enn å sitja heime. Han går på alle heimekampane, han har ikkje råd til bortekampane.

Men ikkje eingong Oilers betyr meir enn ein trygg jobb.

– Eg har ingen forventningar. Eg skal møta opp og høyra kva dei har å seia, og levera inn CV-en, seier han, som trur det kan bli tøft å bli ein av dei tretti.

Publisert:
  1. Rogaland
  2. Nav
  3. Karriere
  4. Stavanger
  5. Sandnes

Mest lest akkurat nå

  1. 19 elever og tre lærere smittet på Stavanger-skole

  2. 15 koronapasienter innlagt på SUS: - Krevende på sikt

  3. Dette huset på Røyneberg har en 350 kvadratmeter stor underjordisk garasje med heis

  4. Verken kommunen eller politiet kan nekte folk å samle seg i friområder

  5. Familien manglet et ekstra rom. Slik ble garasjen til TV-stue med kontor og hems.

  6. Stopper søppeltømming etter smittetilfeller