Må sviva i nesten to år før dei går i klima-pluss: – Me har ein veg å gå

Norge står framfor gigantiske havvind-utbyggingar som krev tonnevis med stål og betong. Det gjev også tonnevis med utslepp.

Hywind Tampen-turbinane til Equinor blir monterte hos Wergelandgruppa i Gulen.
Publisert: Publisert:

Aftenbladet har bede Equinor om tal på kor fort Hywind Tampen, Equinors norske pionerprosjekt innan flytande havvind, kjem til å gå i pluss. Spørsmålet gjeld ikkje økonomi, men klimagassutslepp.

Svaret, som blir utdjupa i det følgjande, er i underkant av to år.

– To år er relativt raskt for havvind å gå i klimapluss, men det viser at me har ein veg å gå for å redusera utslepp i havvind-utbygging, meiner Eivind Berstad i Bellona.

Han understrekar at alt me gjer har ein innverknad på klima og natur.

– Me må vera ærlege om at fornybar energi har eit klimafotavtrykk og behov for material.

350.000 tonn utslepp

Dei 11 flytande havvindturbinane på Hywind Tampen er 296 meter høge. Slike gigantiske konstruksjonar lar seg i dag umogleg bygga utan klimagassutslepp.

– Summen blir i overkant av 350.000 tonn, fortel Magnus Frantzen Eidsvold, pressetalsperson i Equinor.

Talet inkluderer utsleppa som følgjer av produksjonen av vindturbinar og anker, installasjonen, drifta og det å bli kvitt turbinane når dei er ferdige med oppdraget.

Les også

I 2009 såg ho demo-bygging frå stovevindauget. No leiar ho Equinors storsatsing

Pressetalsperson Magnus Frantzen Eidsvold har fått utsleppstal frå fagfolka i Equinor. Skal ein døma ut frå tidsbruken, er det kompliserte reknestykke som ligg bak.

Ved å erstatta energiproduksjon frå fossil gass på Snorre og Gullfaks, trur Equinor at Hywind Tampen vil kutta utslepp på 200.000 tonn i året.

Legg ein til grunn desse tala vil klimarekneskapen til Hywind Tampen begynna å gå i pluss før to år er omme.

Eidsvold understrekar at tala for Hywind Tampen ikkje er universelle. Eit kvart havvind-prosjekt har sine eigne produksjonsvilkår. Og teknologien, den skal jo helst ta oss vidare i rett retning, slik at utslepp som følgjer ein produksjon i dag, kan bli kutta med teknologiske nyvinningar i nær framtid.

Særleg gjeld dette flytande turbinar. Mens botnfaste vindturbinar er blitt produserte i årevis, er produksjonen av flytande installasjonar ein relativt fersk kunst.

Bellona meiner at Equinor kan redusera utsleppa ved å be om material med lågare klimatfotavtrykk.

– Dette kan bidra til at stålprodusentar tar i bruk for eksempel fangst og lagring av karbondioksid, slik at utsleppa blir drastisk reduserte, skriv Berstad i Bellona.

1500 turbinar

«Uten å kunne vise til noe troverdig klimaregnskap, legger han til grunn at en massiv industrisatsning vil forbedre det globale klimaet.»

Dette skreiv kritikarane i Motvind Norge på nettsidene sine etter at statsminister Jonas Gahr Støre i vår hadde lansert målet for norsk havvind.

Innan 2040 ønsker regjeringa å lysa ut område for 30 gigawatt med havvind. 30 gigawatt kan svara til rundt 1500 turbinar, avhengig av størrelse.

Det norske målet svarer til over 300 Hywind Tampen-prosjekt. Kor mykje materiale, og kor store utslepp vil ei full norsk utbygging krevja?

Her er eitt av dei flytande betongfundamenta til Hywind Tampen under bygging i Vindafjord.

Aftenbladet har fått tilgang til tal frå DNV som kan gje svar på kor mykje materiale ein treng for å bygga ut flytande havvind. Årsaka til at me her tar for oss flytande turbinar, er at det er grunn til å tru at mange av dei norske prosjekta vil bestå av slike fordi dei kan bli plasserte på djupt vatn.

Tala er baserte på løysingar som er kjende i dag. Bransjen ønsker å redusera materialbruken, så det er uvisst kva tal framtidige løysingar kan gje oss.

I tillegg har tala følgjande føresetnadar: Turbinar på 15 megawatt, 200 meter vassdjupne, 900 meter lange forankringsliner og fire forankringsliner per turbin.

Basert på dette, blir summane slik:

  • Ein treng 240 kilometer forankringslinje per gigawatt. Bygger ein 30 gigawatt, vil det gje 7200 kilometer. Dette svarer til meir enn fire gongar lengda til det norske fastlandet.
  • Dersom flytarane blir bygde av stål, treng ein 300.000 tonn per gigawatt.
  • Dersom flytarane blir bygde av betong, treng ein 2 millionar tonn per gigawatt.
Fire gongar Norges lengde med forankringslinjer må til om ein skal festa havvindturbinar som svarer til det norske havvindmålet.

Klimarekneskapen

DNV har ikkje svaret på kor store samla utslepp den norske havvind-satsinga vil gje. Men dei har rekna på om betong eller stål gjev lågast utslepp dersom ein skal bygga ut flytande havvind i Utsira Nord, som er eitt av dei to norske områda som så langt er lyste ut.

Her vil truleg betongfundament gje lågast klimagassutslepp fordi ein kan bygga dei i Norge. Vel ein stål, vil ein kunna vera avhengig av produksjon og transport frå Asia. Dette går fram av ein rapport DNV har laga på oppdrag frå Windworks Jelsa, som ønsker å ha masseproduksjon av havvindturbinar hos seg.

Danskane er blant dei som har lang erfaring med botnfast havvind. Handelsrådet til utanriksdepartementet har funne fram til det dei kallar for «carbon payback» for vindturbinar.

Svaret frå danskane er at ein typisk botnfast vindturbin har gjort opp karbonrekneskapen sitt på under eitt år. Men reknestykket er avhengig av kva slags kraft vindturbinen erstattar. Det danske reknestykket er basert på gjennomsnittlege amerikanske utslepp i kraftproduksjonen.

For flytande turbinar i Norge, er foreløpig Equinors tal frå Hywind Tampen, der havvind erstattar utslepp frå fossil gasskraft, det beste me har å gå etter.

Publisert: