Fryktar bønder ikkje vil varsla om sjukdom: – Eg taper ikkje langt frå 100.000 kroner

To bønder måtte avliva tusenvis av friske kyllingar. Begge meiner dei taper rundt 100.000 kroner på erstatninga frå staten.

I september varsla Kirsten Kverneland om mogleg sjukdom blant kyllingane sine.
Publisert: Publisert:

– Det er ikkje langt frå at eg taper 100.000 kroner. Det kjennest veldig feil og veldig feigt, seier kyllingbonde Kirsten Kverneland.

I september bestemte Mattilsynet at 14.000 kyllingar på garden hennar, som ligg på Kvernaland i Time kommune, måtte bli avliva.

Årsaka var mistanke om at kyllingane var smitta av Newcastle-sjuka, ein alvorleg fjørfesjukdom som var oppdaga i eit hønsehus i Klepp nokon dagar tidlegare.

Då dei endelege prøvesvara kom, viste det seg at kyllingane ikkje var smitta av Newcastle-sjuka.

Kverneland reagerer ikkje på vedtaket om avliving, men på dei nyleg oppdaterte satsane for erstatningsutbetaling frå staten.

– Eg kjem til å bruka alle moglegheitene eg har til å klaga, seier ho.

På Jæren er det foreløpig ikkje konstatert fleire tilfelle av Newcastle-sjuka i fjørfenæringa. Men fredag blei det påvist fugleinfluensa i eit hønsehus i Klepp kommune.

Med begge desse to svært alvorlege sjukdommane i omløp, kan ein på ingen måte utelukka at fleire fjørfebønder vil hamna i ein situasjon som liknar den Kverneland stod i.

Les også

Fuglein­fluensa på­vist i fjørfe­hold i Roga­land

Les også

Mistanke om fugleinfluensa: – Ikkje mange hundre meter frå tilfella i fjor

– Ekstrem risiko

Kverneland er leiar av fagutvalet for fjørfekjøt i Nortura. Som tillitsvalt hadde ho allereie kome med innvendingar til utforminga av erstatningssatsane då ho sjølv blei ramma av eit avlivingsvedtak på garden.

Ho meiner det er feil å basera ordninga på standardiserte satsar, når utgiftene til ein fjørfebonde slett ikkje er statiske.

– Hadde dette vore eit forsikringsoppgjer, så hadde oppgjeret blitt individuelt behandla. Kvifor kan ikkje også staten ta ei individuell behandling av erstatning, særleg når det ikkje er snakk om så mange tilfelle? I staden sit me att med ein ekstrem risiko, seier Kverneland.

Ein fjørfebonde har plikt til å varsla ved teikn til sjukdom i flokken.

– Spørsmålet er jo om bønder kjem til å halda fram med å varsla dersom dei står nokon timar frå å levera til slakt når dei ser teikn til sjukdom. Dei kan jo rekna, og veit kva økonomisk risiko dei set seg i dersom dei ikkje kjenner seg trygge på å få dekt tapet.

– Frykteleg vondt

Hadde kyllingane hennar blitt slakta som normalt, ville Kverneland fått oppgjeret rundt to veker etter den planlagte slaktedatoen som var den 26. september. No går ho i staden og ventar på erstatningsoppgjeret som i samsvar med satsane vil bli rundt 100.000 kroner lågare enn utgiftene ho har hatt.

– Det går rett på botnlinja mi. Eg har vareleverandørar som eg skal betala, og som må venta. Det er ikkje gitt at ein har fleire hundre tusen ståande til å ta heile oppgjeret for varer ein ikkje får selt, seier Kverneland.

Som kyllingbonde kjenner ho seg stolt når no kan senda av garde kyllingar til slakt som skal bli til rundt 20 tonn mat.

– Det var frykteleg vondt å sjå at dei i staden blei til avfall i ein konteinar. Eg toler dette, men det verste er urettferda som staten gjer i denne saka.

Kverneland fryktar ho ikkje blir den siste som får oppleva eit slikt økonomisk tap.

Gassa 35.000 kyllingar

– Eg føler ein ikkje kan stola på staten. Dei står og lovar full erstatning. Men for det fyrste går det nesten eit år før heile erstatninga deira blir utbetalt, og for det andre så dekker ho ikkje heile tapet, seier kyllingbonde Ove Byberg i Klepp.

I november 2021 hadde han 35.000 kyllingar som han hadde fôra opp til slaktevekt. Det var berre for slaktebilen å koma, så skulle dei bli til 55 tonn med kjøt.

Men så blei det oppdaga fugleinfluensa på ein nabogard som ligg rundt 500 meter unna.

To dagar seinare vedtar Mattilsynet at også kyllingane til Byberg må bli avliva.

Då dette bildet blei tatt, låg det 35.000 gassa kyllingar bak desse dørene på garden til Ove Byberg.
Les også

I risikosona for fugleinfluensa: Gassa 35.000 slakteklare kyllingar

I vedtaket som Byberg fekk frå Mattilsynet, kan ein lesa:

«Du har slaktekylling som er slakteklare, og det utgjør en risiko for spredning av sjukdom å transportere dyra til slakteri. Videre isolasjon og overvåking av flokken er ikke et alternativ for besetningen din. Det er ikke registrert symptomer på fugleinfluensa i besetningen din.»

Mattilsynet opplyser at også dyrevelferd var avgjerande for vedtaket. Om kort tid ville ha blitt for trongt for kyllingane i huset dersom dei skulle ha halde fram med å veksa etter den planlagde slaktedatoen.

Lovnad frå Borch

Få dagar etter at kyllingane til Byberg var gassa, lovar landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) å auka erstatninga til bønder som må avliva fjærkre på grunn av fugleinfluensautbrotet. Satsane blei sist reviderte i 2014.

Dermed måtte styresmaktene rekna seg fram til nye satsar. Det skal ta tid.

Ikkje før Newcastle-sjuka rammar fjørfe på Jæren i slutten av september i år, ti månadar seinare, kjem satsane på plass, og Byberg får resten av erstatninga.

– Eg har skulda folk pengar over lang tid, og det er ein ubehageleg situasjon å vera i. Og så kjem det høge renteutgifter. Ein blir berre frustrert, rett og slett, seier Byberg.

Samla får han utbetalt litt over ein million kroner. Men saman med Jæren rekneskapslag reknar han seg fram til at erstatningssummen inneber eit tap på 128.000 kroner.

– Det er som om nokon tar 100.000 kroner av løna di, sukkar Byberg.

Fjørfelaget: – Utdaterte satsar

Heller ikkje Norsk Fjørfelag er nøgd med summen Byberg får. Dei har saman signert ein klage på erstatningsvedtaket.

– Dokumentasjonen til Ove viser at han taper over 100.000 kroner, sjølv med dei reviderte satsane, skriv Margrethe Brantsæter, leiar av Norsk Fjørfelag, i ein e-post.

Fjørfelaget hevdar, også på generelt grunnlag, at bønder som får offentleg pålegg om avliving, ikkje får dekt det reelle tapet med dei nye satsane.

Dette meiner dei fordi satsane er standardiserte, og ikkje tilpassa bonden sine kostnadar og verdien dyret har på det faktiske tidspunktet.

– Bøndene må uansett rekna ut det reelle tapet når dei skal i dialog med forsikringsselskapet sitt, og det er dette som bør ligga til grunn for den offentlege erstatninga, skriv Brantsæter.

Fjørfelaget reagerer også på at Byberg måtte venta så lenge som han gjorde på å få utbetalt heile erstatninga.

– At Ove fekk utbetalt noko av erstatninga allereie i desember 2021 var viktig. Men at revideringa av forskrifta tok så lang tid, og at dei reviderte satsane allereie er utdaterte, er ikkje godt nok etter vår meining.

Ho hevdar vidare at praksisen med standardiserte satsar, basert på historiske kostnadstal, vil gjera at dei fleste bønder som blir pålagt å avliva dyra, kjem til å tapa pengar.

– Med mindre dei standardiserte satsane blir reviderte mange gongar i året, vil dei aller fleste bønder tapa pengar ved offentleg pålegg om avliving, skriv Brantsæter.

Landbruksdirektoratet svarer

– Direktoratet legg til grunn at dei standardiserte satsane vil måtta bli oppdaterte med jamne mellomrom, skriv Kai Terje Dretvik, seksjonssjef for landbruks- og naturskadeerstatning i Landbruksdirektoratet i ein e-post.

Han viser til at forskrifta for erstatning etter offentlege pålegg i husdyrproduksjon har som føremål å bidra til å redusera belastninga ved ulike tiltak mot sjukdommar.

– Forskriftsendringane som blei vedtatt i september, inneber at produsentane får ei høgare erstatning enn tidlegare, skriv han.

Publisert: