Trur arbeidsløysa vil gi høgare barnefattigdom i Rogaland

Halvparten av borna i lavinntektsfamilier har foreldre med lite eller ingen jobb. Forskar trur arbeidsløysa vil auke barnefattigdommen i Rogaland.

Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over fem år gammel

– Utviklinga er bekymringsfull og viser ei jamn auke i barnefattigdommen. Einslege forsørgarar står for ein stor del av dette, seier Axel West Pedersen ved Institutt for samfunnsforskning.

Rogaland har til no vore blant fylka med færrast fattige barn. SSB sine ferskaste tal er frå 2015. Då budde 6,7 prosent av borna i Rogaland i heimar med vedvarande låginntekt, medan landsgjennomsnittet var ti prosent.

West Pedersen seier det er grunn til å tru at høg arbeidsløyse vil gi fleire fattige i dei mest utsatte fylka.

55 prosent av borna i lavinntektsfamilier har foreldre med liten tilknytning til arbeidslivet, ifølgje ein fersk rapport frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Det utgjer i underkant av 53.000 barn.

Les også

Nav er uroa for dei fattige borna

Færre er heilt arbeidsledige: - Men ingen grunn til å slappe avFlere får dagpenger mens de «finner opp» sin egen jobb

Stilleståande trygd

På landsbasis har barnefattigdommen auka årleg i 20 år.

– På slutten av 90- talet sette politikarane fattigdom på dagsorden, noko som var spesielt tydeleg i valkampen i 2001. Det er eit paradoks at den perioden ein har snakka mest om fattigdom, også er det tidsrommet det har auka mest, seier West Pedersen.

Rapporten frå Bufdir hevder 35.000 færre born hadde vore i lavinntektsgruppa dersom barnetrygda hadde blitt justert i takt med grunnbeløpet i Folketrygda. For dei som er åleine om ansvaret for borna, har barnetrygda tidlegare vore ei viktig inntektskjelde, men sidan 1996 har den stått stille på 970 kroner månaden.

Også West Pedersen meiner barnetrygda forklarer mykje av utviklinga.

– Reelt sett har det vore ei halvering av barnetrygda. Hadde den følgd med i realveksten hadde vi truleg hatt to til tre prosentpoeng lågare barnefattigdom. Heller ikkje sosialhjelpa har følgd med i realveksten sjølv om prisane vert justert årleg.

Vanskeleg seinare i livet

I tillegg til ei tydeleg auke blant einslege foreldre, har barnefattigdommen dei siste ti åra vore spesielt knytt til innvandrarar. I 2015 utgjorde dei 40 prosent av mottakarane.

Rapporten frå Bufdir drøfter konsekvensane av aukande barnefattigdom. Sannsynet for å få eit vanskeleg vaksenliv er klart høgare dersom familien ein veks opp i slit med økonomi eller mangel på ressursar, heiter det i rapporten. Difor er dei uroa over utviklinga. Ifølgje Bufdir er det ofte samanheng mellom å ha vakse opp i ein heim som slit økonomisk og forhold som vald og rusmisbruk.

Mindre sosialhjelp til kontantstøttefamilierHøy arbeidsledighet førte til 20 prosent flere unge på sosialhjelp

Endrar arbeidsmåte

I fjor sommar skreiv Aftenbladet at Nav endrar arbeidsmåte grunna aukande barnefattigdom. Arbeids- og velferdsdirektoratet har sett i gang utprøvinga av ein ny modell som eit forskningsprosjekt ved Høgskulen i Oslo og Akershus no testar. Til saman deltek 30 NAV-kontor i prosjektet. Sandnes, Madla og Haugesund deltek frå Rogaland. Dette inneber endringane:

  • Tettare oppfølging av familiane. Kommunane har fått midlar til å opprette stilling på eigne familiekoordinatorar.
  • Ein fast kontaktperson. Om begge foreldra treng sosialhjelp, skal dei ikkje ha forskjellege rettleiarar.
  • Betre koordinering av dei forskjellege tenestene. Det overordna målet er å vurdere situasjonen meir heilheitleg - altså sjå arbeidssituasjon, bustad og borna sine behov samla.
Publisert: