OL over for Peder Kongshaug
Peder Kongshaug falt frå finaleplass på fellesstart.
- Mari Sollid EideJournalist

Med knappe to rundar igjen i semifinalen på fellesstart gjekk Peder Kongshaug i bakken, og klarte dermed ikkje å ta seg til finale.
– Det er sånn fellesstart er, det er mykje action og mykje moro. I dag gjekk det ikkje heilt i min favør, sa Kongshaug til Discovery etter løpet.
20-åringen frå Stavanger avanserte i feltet mot slutten av løpet, men miste balansen etter ein litt krapp sving og gjekk i bakken.
– Eg prøvde å avansere framover, men så gjekk det for fort til at eg klarte å kome meg fram. Akkurat idet eg falt veit eg ikkje kva som skjedde, eg sklei ut i putene, men det gjekk bra med meg, seier Kongshaug.
OL er dermed over for 20-åringen, som har hatt eit strålande meisterskap med gull på lagtempo og fjerdeplass på 1500 meter.
I mennene sin første semifinale tok Kristian Ulekleiv seg til finale. I finalen var han oppe på 2.-plass to rundar før mål, men falt tilbake i feltet og var ikkje med i kampen om medaljane. Han enda på 14.-plass.
Marit Fjellanger Bøhm frå Stavanger fekk det tøft i sitt semifinaleheat og klarte ikkje å kvalifisere seg til finale.