Karrierebeste av Wiig: – Enormt kjekt

Eit kanonløp på sprinten i Drammen sikra Sivert Wiig karrierebeste.

Sivert Wiig viste kanonform då han gjekk inn til fjerdeplass i Drammen.
Publisert: Publisert:

Sivert Wiig frå Ålgård tok seg til sin aller første verdscupfinale under sprinten i klassisk stil i Drammen torsdag. Gjesdal-karen var med i kampen om pallplass på oppløpet, men måtte sjå seg slått av tre løparar.

Wiig gjekk inn til sin beste plassering i verdscupen nokon sinne med 4. plass.

– Eg er godt fornøgd. Før løpet hadde eg mål om finale, så det var kjekt å få det til. Det var ein nydeleg dag med bra trøkk på tribunen, enormt kjekt å gå, seier Wiig til Aftenbladet.

Franske Richard Jouve stakk av med sigeren føre kinesiske Qiang Wang. Lucas Chanavat sørga for to franskmenn på pallen med sin tredjeplass.

– Eg kjente alt i prologen at det var bra trøkk, og hadde då forhåpningar om å gjere det bra. I finalen, då eg kom ut på oppløpet, var eg litt bak, men merka at Chanavat blei sliten. Eg missa diverre litt då eg skulle slå om til diagonalgang mot slutten, så det blei vanskeleg med pallplass, seier han.

Wiig tok seg komfortabelt vidare frå prologen i Drammen då han blei nummer seks og beste norske løpar.

I kvartfinalen hadde han god kontroll og gjekk vidare som andremann i heatet. 24-åringen blei nummer tre i det første semifinaleheatet og måtte vente til det andre semifinaleheatet var ferdig før han kunne konstatere at tida var god nok for finale.

Gjesdal-løparen kom inn i troppen i tolvte time då heile sprintlandslaget, inkludert Johannes Høsflot Klæbo, måtte kaste inn handkleet etter koronasmitte i laget.

Ålgård-karen sin tidlegare beste plassering i verdscupen var i nettopp Drammen. I 2019 blei han nummer ni på den klassiske sprinten.

I kvinnenes finale tok Maiken Caspersen Falla sigeren føre den svenske OL-meisteren Jonna Sundling og slovenske Anamarija Lampic.

Publisert: