Trur på SIL-opprykk neste år

<p>Henrik Furebotn (22) meiner sjansane er gode for Sogndal-opprykk neste år. Men då bør stabiliteten bli betre, både for han og laget.</p>

Publisert: Publisert:

Fotball AdeccoligaenHønefoss Idrettspark21.09.08Hønefoss BK v Sogndal 0-4Foto: Dagfinn Limoseth, DigitalsportHenrik Furebotn og Anders Stadheim , Sogndal Foto: Dagfinn Limoseth - Digitalsport

  • Roar Lyngøy
iconDenne artikkelen er over 11 år gammel

Før kveldens kvalikretur mot Aalesund, er det så godt som ingen som trur at Sogndal kan innhente 4-1-leiinga til Kjetil Rekdal sitt mannskap. Heller ikkje årets spelar på BT-børsen, Henrik Furebotn.

– Det var ein stor nedtur det som skjedde i den første kampen i Sogndal. Vi reiser opp for å gjere vårt beste og vise at vi er eit betre lag enn 1-4 skulle tilsei. Men det er nesten slik at vi innser at det vert ei umogeleg oppgåve , seier midtbanespelaren.

Ifølgje Bergens Tidende sin spelarbørs er Furebotn den beste på Sogndal i 2008. – Det er hyggjeleg. Men eg er litt overraska, seier ungguten med fortid i Jotun/Årdalstangen.

Svak vårsesong

Han vart operert for «Gilmore's groin» sist vinter, og dette prega han i vårsesongen. Då sleit også laget kraftig. Men på hausten har Sogndal vore nærast uslåelege – fram til AaFK-kampen.

– Sesongen har vore litt himmel og helvete både for meg og laget. I vår var eg heilt ute av det. Men så kom eg i form, og plutseleg byrja heile laget å spele godt. Det er ikkje lett å peike på kvifor det snudde så brått , seier han.

Årdølen har vore i Sogndal i tre sesongar. Også Brann og andre klubbar vart nemnd, men det var kun Sogndal som kom på bana med eit konkret tilbod.

– Eg trivst godt, og har utvikla meg mykje i denne tida, seier Furebotn, som har kontrakt i to sesongar til.

Sjølv om årets opprykkssjansar truleg er vekke, er ikkje Furebotn redd for å gå på ein ny sesong i 1. divisjon.

– Eg kan fremleis verta betre på det meste. Det viktigaste er at eg vert meir stabil. Til no har eg vore alt frå bra til heilt forferdeleg, innrømmer han.

Dessutan trur han sjansane til å rykke opp neste år er gode.

– Vi har ein god haust å byggje vidare på. Opprykkssjansane er gode neste år, med tanke på at det kun er HamKam som kjem ned, seier Furebotn og tek det nærast for gitt at Aalesund vert for sterke i kveld.

– Ikkje hastverk

Spissveteranen Håvard Flo har sjølv spelt for fleire storklubbar, mellom anna i England og Tyskland. Han trur Furebotn kan få ei lysande karriere.

– Henrik er ein bra spelar som har hatt ei god utvikling. Som resten av laget sleit han på våren, men i sommar og haust har han vore blant dei leiande spelarane, seier Flo.

Sjølv om det meste tyder på at Sogndal må spele i 1. divisjon neste år også, meiner Flo at det ikkje hastar for Furebotn å kome seg på eit høgare nivå.

– Henrik er framleis litt for mykje opp og ned i prestasjonane. Eg ser ingen fare med at han blir verande i Sogndal nokre år til. Her har han gode sjansar til å utvikle seg vidare, meiner Flo.

Følg Aalesund – Sogndal frå klokka 19.00

Årets spelar i Sogndal:

  1. Henrik Furebotn (snitt 5,13)
  2. Even Hovland (5,12)
  3. Rune Bolseth (5,00)
  4. Piotr Leciejewski (4,80)
  5. Daniel Lubieniecki (4,74)
  6. Håvard Flo (4,50).
Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. 65 færre ansatte i skolen: – Vi er alvorlig bekymret

  2. Thorbjørn Lea ble korona­smittet i mars. Slik preges han av sykdommen åtte måneder senere

  3. Rolf Kristian Larsen med hovedrolle i filmen om alle norske katastrofers mor: «Nordsjøen»

  4. Haaland hyller sitt store idol: – Det er vilt. Den mannen er ikke normal

  5. Frontkolliderte med vilje. Frifinnes for drapsforsøk for andre gang

  6. Er det eit offentleg ansvar å gi Kurt Nilsen millionlønn til jul?

  1. Fotball 1. div