Favorittane usikre på forma: – Men vi kan heilt klart ta OL-gull

– Vi kan ta dette, seier Anders Mol om hans og Christian Sørums gullsjansar i Tokyo.

– Dette har vore ein draum heile livet. No er vi endeleg i OL, seier Anders Mol (til h.). Han er i Tokyo med lagkamerat Christian Sørum.
  • Øystein Vik
    Journalist i BT
Publisert: Publisert:

Shiokaze Park: Framfor heilt tomme tribunar trente verdseinarane Anders Mol og Christian Sørum på OL-arenaen torsdag kveld, japansk tid.

Det er også seint om kvelden dei skal spela kampane sine, lenge etter sola har gått ned.

Det skulle vore flaumlys, publikum og folkefest.

I staden blir det flaumlys, men tomt på tribunen og ingen som jublar.

Tilskodarar er ikkje velkomne under OL på grunn av korona. Tokyo er i unntakstilstand.

Det er snakk om at det skal bli kunstig publikumslyd på stadion, tatt opp frå dei episke kveldane på Copacabana under førre OL.

– Det er første gong vi høyrer om det, eg har aldri spelt for tomme tribunar med lyd. Eg håpar berre vi klarar å koma oss inn i bobla vår, seier Christian Sørum.

Når Anders Mol (til v.) og Christian Sørum ikkje er og trenar, spelar dei gjerne kort, yatzy eller rummy på hotellrommet. – Vi er gode til å kopla av, seier Mol.

Har vore suverene

Saman med Anders Mol frå Strandvik i Bjørnafjorden utgjer han den beste sandvolleyballduoen i verda. Dei er ranka som nummer ein, og hadde haugevis med pallplassar på rad. Før forma svikta litt tidlegare denne sesongen.

No segler verdstoarane frå Qatar opp som store utfordrarar om gullet i Tokyo.

– Qatar har vore i kjempeform, og dei er også store favorittar til å ta gull. Men eg er sikker på at om vi spelar så godt som vi har gjort dei siste åra, så kan vi også ta det, seier Mol til BT.

Sanden på OL-arenaen er litt djupare enn dei to likar. Flaumlysa litt skarpare og rett i trynet enn dei er vant til. Stadion er gigantisk (12.000 seter). Alt er større og annleis i eit OL.

– Eg er overvelda over at det er så svært. Alt er så proft, seier Mol, lett imponert over arrangementet japanarane har stelt i stand.

Pappa og trenar Kåre Mol er ringside i Tokyo for å hjelpa Anders Mol og Christian Sørum fram til gull.

Mange i toppen

Sandvolleyballturneringa vert innleia med eit gruppespel. Deretter er det cupspel.

Noreg er i gruppe med Spania, Russland og Australia som dei møter klokka 15 laurdag norsk tid i den første kampen i OL.

Sørum fortel at 19 lag har kome til semifinale denne sesongen. Han meiner med andre ord at det er ganske ope i kampen om medaljar.

– Mange kan vinna, men vi har heilt klart nivået inne til å ta gull, meiner han.

Torsdag kveld var det italienarane som gav Mol og Sørum motstand då dei for første gong fekk trena på OL-arenaen.

Når OL startar planlegg Anders Mol å ta magnesium på hendene for å unngå at ballen sklir av sveitte fingrar.

– Har gjort det litt dårleg

No er det å finna godkjensla som gjeld.

– Vi har gjort det litt dårleg på turneringane i det siste. Vi skulle gjerne hatt sjølvtilliten som ein får når ein vinn mykje, seier Sørum.

Samtidig har dei to noko å bevisa. Noko dei ikkje har hatt på ei stund, med tanke på kor suverene dei har vore dei siste åra.

– Vi er veldig sugne på revansje. Det blir ein krig, det som ventar oss no, seier Mol.

Anders Mol (til v.) og Christian Sørum er overvelda av kor stort OL er.
Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Da to voksne menn snakket høyt om voksne kvinners markedsverdi, ble det bråk

  2. Flere europeiske land melder om omikronsmitte

  3. Ryfylke har fått sin første vingård

  4. Forskarens fem om dagen for eit lukkelegare liv

  5. Wirak varslet snø over Vinterland, og det fikk han

  6. Halve livet sto Jærens egen diva på scenen, så kom hun knapt ut av sengen