OL-heltane har ekstreme finaletal. Dette fekk pappa Mol ned på kne for å tilbe.

Anders Mol og Christian Sørum gjer så imponerande ting at trenarpappa Kåre Mol bøyer seg i sanden.

Kåre Mol er imponert over at Anders Mol og Christian Sørum greidde å gjera jobben - etter å ha jobba så lenge mot eit mål.
  • Øystein Vik
    Journalist i BT
Publisert: Publisert:

NORGE-ROC 2–0

Tokyo: – Dette måtte eg tilbe, seier Kåre Mol.

Det hadde gått ein dryg halvtime sidan OL-gullet var sikra. Det verste styrtregnet over Shiokaze Park i Tokyo hadde gitt seg. «Ja, vi elsker» var spelt, og nordmennene på stadion hadde mumla med så godt dei kunne bak munnbindet.

Det var då Kåre Mol fann ut at det var hans tur til å entra sanden. Framfor sigerspallen gjekk pappaen til Anders og trenaren til gulldoen ned på kne.

Ikkje var Anders Mol Jesus, og Christian Sørum ikkje jomfru Maria, men Kåre Mol måtte berre. Han kjende ei trong til å uttrykka si beundring for det dei to hadde fått til.

Og så er han ikkje framand for å laga litt show heller.

– For meg var det rørande å sjå kva dei hadde gjort. Det er unikt, seier Kåre Mol.

Jetmund Berntsen, Anders Mol, Kåre Mol og Christian Sørum kunne feira på Shiokaze Park laurdag.

Skrytelista

Det er mykje å ta av for Mol når han skal skryta over gullvinnarane.

  • Korleis Mol/Sørum har snudd motgang denne sesongen til OL-gull.
  • Korleis vanskelege kampar tidleg i meisterskapen berre fekk dei til å spela betre og betre.
  • Korleis syting over djup sand og andre forstyrrande element ganske enkelt vart forbode.
  • Og ikkje minst: Den fantastiske statistikken som seier at verdas beste sandvolleyballduo har spelt 17 finalar og ikkje tapt ein einaste ein.

Etter pressekonferansen som alle medaljevinnarane i OL må gjennomføra, tok BT Kåre Mol til sides og fekk han til å utdjupa kva som imponerer han så mykje.

– Eg kjenner at alle unner oss dette. Det er tungt å stå på toppen av sigerspallen viss ikkje, seier han og trekker fram kor gode ambassadørar Mol/Sørum er for sporten og norsk idrett.

– Og i dag spelte dei kanskje sin beste kamp nokosinne, definitivt denne sesongen. Det må eg tilbe, seier Kåre Mol.

Kombinasjonen av Anders Mol og Christian Sørum var god nok til OL-gull.

Takkar dei som har ofra

OL-gullet vert rangert som det absolutt største for Mol/Sørum. Dei har regjert i sandvolleyballsporten dei siste åra, men ingenting toppar å vinna i Tokyo.

At dei no har bevist at dei kunne på den øvste scena, er ikkje sjølvsagt. Historia om Mol/Sørum inneheld mykje offer og vilje til å skapa noko.

Foreldre har sagt opp jobbar og flytta frå heimen. Tallause timar er brukt på trening. Sparepengar er satsa og mykje er forsaka.

Like etter finalen kjende Anders Mol på nettopp dette.

– Eg vil takka alle som har ofra mykje for at vi skal stå her, seier 24-åringen frå Strandvik.

Då OL-gullet var sikra var det berre glede mellom dei norske i Tokyo.

Såg ingen framtidig partnar i Mol

Mol og Sørum fann kvarandre på volleyballinja på vidaregåande i Suldal. Eller, det vil seia, Kåre Mol fann dei fram for kvarandre. Anders gjekk i førsteklassen, Christian i tredje. Kåre var lærar.

Då var to meter høge Anders Mol langt frå den høgreiste typen han er no.

– Anders var 1,74, eller noko, seier Sørum medan han sit på pressekonferansen med gullet om halsen.

– Eg såg berre ein liten kar som var god teknisk. Men eg såg ingen framtidig partnar i han, held Lørenskog-karen fram.

Då dei to spelte saman, oppdaga Kåre Mol det ein volleyballtrenar alltid ser etter: At éin pluss éin skal bli meir enn to. At duoen på bana utfyller kvarandre så godt at laget vert optimalt.

Slik var det med Mol/Sørum. Begge gjorde den andre betre.

– Han er min beste ven, seier Anders Mol om Christian Sørum.

– 98 prosent reiser heim skuffa

– Anders var låg, men teknisk bra. For ein idrettsutøvar er det eigentleg bra å ikkje vera høg i puberteten. For då må du vinna på smartness, ikkje fysikk, meiner Kåre Mol.

Kombinasjonen av dei to vart god nok til OL-gull.

Alt som skjedde i Tokyo, både av positivt og negativt, leda fram til den premien dei ønskte seg mest.

– 98 prosent av dei som er i OL, reiser heim skuffa. Dei fekk ikkje ut sitt beste, og tenkjer at det er ditt eller datt som gjer at dei ikkje lukkast, seier Kåre Mol.

– Vi er mellom dei få prosentane som greidde å snu motgang til noko positivt, å takla press, og kosa oss med sporten.

Publisert:
  1. OL

Mest lest akkurat nå

  1. Viking dropper sesong­kort – innfører helt ny ordning

  2. Resultatene i stor fedme­studie over­rasker forskerne. Kjell Vidar Moland ble 65 kilo lettere

  3. Nord-Jæren: 119 nye smitte­tilfeller

  4. Derfor vil de ikke vaksinere seg

  5. Dette bør du vite om «glattå»

  6. Regjeringen vil skjære gjennom ved korona­krangel på Nord-Jæren