Toppsjef gir seg i Sogndal etter fire månader: – Ueinige om vegen vidare

Sogndal må kutte rundt ti millionar kroner og slit sportsleg. No har dei skifta dagleg leiar.

Publisert: Publisert:

FERDIG: Terje Rognsø vart berre sitjande nokre månader som Sogndal-topp. Foto: Nicklas Knudsen

  • Mads Bøyum
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Dagleg leiar Terje Rognsø gir seg i Sogndal Fotball. Klubben er i ein tung situasjon økonomisk, samstundes som laget ikkje har prestert på bana i 1. divisjon.

Rognsø trer av få månader etter at han vart tilsett.

– Det er synd at han valde å trekke seg, seier styreleiar Tor Arne Ness.

– Styret vil gå ein annan veg enn meg på nokre felt som er viktige for meg, seier Rognsø til Bergens Tidende.

– Kva slags felt er det snakk om?

– Eg vil ikkje gå inn på detaljane. Det vert feil uansett. Eg har eit anna syn enn styret om kva som skal prioriterast og det vert vanskelig når min jobb er å rådgje styret. Frontane er ikkje steile, men vi er ueinige om vegen vidare. Det er så enkelt og så vanskeleg, seier Rognsø.

Styreleiar Ness seier mykje har endra seg i Sogndal sidan Rognsø vart tilsett. Omstillinga klubben no står i, grunna utfordrande økonomi, er større enn venta, seier Ness.

– Kor alvorleg er den økonomiske ståda?

– Samanlikna med i fjor må vi nok ned ti millionar. Det er noko heile klubben vil kjenne på. Og vi har ikkje val: Vi lyt omstrukturere.

Ness fortel at Sogndal lyt ha ein plan for kva klubben skal vere i framtida i løpet av 2019. Leiaren seier inntektstapet etter fleire år i 1.-divisjon gjer det naudsynt å ta grep no.

Terje Rognsø beskriv klubbøkonomien slik:

– Den er utfordrande, men ikkje verre enn at den er mogleg å handtere.

Det er allereie klart at Rasmus Mo går inn i stillinga Rognsø forlèt.

Publisert:

Les også

  1. Doddo-bloggen: «Sesongstarten er en skuffelse, men det er ingen krise»

  2. Flytting av Branns kamp i Bodø skaper reaksjoner

  3. Vålerenga låner Sogndal-keeper

  4. Brann-treneren mener én ting gjorde Tromsø-seieren ekstra viktig

Mest lest akkurat nå

  1. Tre nye smittetilfeller i Stavanger

  2. Kan man legge det i fryseren? Eller helle kokende vann over? Her får du svar om hvordan viruset drepes i tøymunnbind.

  3. Viking raste etter nederlaget: – Sjokkerende

  4. Strenge nasjonale retningslinjer innført: Dette betyr det for Halloween og bursdager

  5. Tordnet etter Oilers-ydmykelse: – Det er pinlig

  6. Fant smitte på 344 fly i Norge. De fleste tilfellene kommer fra ett land.

  1. Sogndal Fotball