- Lov å festa på ein slik dag

<p><a href="/stat/index.jsp?stats=true&amp;type=kampfakta&amp;matchId=286062"> <strong>Sogndal — FFK 2-0:</strong></a> Torsdag vert blåtorsdag for dei fleste i Sogndal.</p>

feiring sogndal Foto: Tor Yttri

  • Øystein Vik
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ti år gammel

— Eg trur ikkje det vert trening så alt for tidleg i morgon, seier Henrik Furebotn ein time etter kampslutt.

Sogndal-spelarane tok til å feira opprykket på solid vis allereie i garderoba like etter kampslutt. Musikken sto på full guff, sigersropa runga og kassar med brune flasker vart bert inn.

— Det må vera lov å festa på ein dag som denne. Eg trur nok mange kjem til å vera ute i bygda etter denne kampen. Mange kjem til å vera tunge i hovudet på jobb, seier Furebotn.

(Artikkelen fortsetter)

VIDEO Sogndal - Fredrikstad 2-0

svp://95848?view=ap

Sogndal — Fredrikstad: Høydepunkter

Spelarane held fram festen på eit hotell i Sogndal med stor middag saman med sponsorar og andre inviterte.

Trenar Harald Aabrekk lova treningsfri for spelarane etter opprykkskampen.

- Eg vil ikkje sjå spelarane dagen etter ein slik fest, seier Aabrekk.

Tommy Øren feira opprykket med sjampis. (Foto: Tor Yttri)Etter opprykket var sikra mot Fredrikstad, samla spelarane seg på ute på bana, lyset vart sløkt på Fosshaugane og fyrverkeri vart sendt opp i mange minutt.

— Dei kan feira. Dei sendte opp fyrverkeri verdt minst ein ny spelar, både smiler og fortviler Harald Aabrekk.

Han vart hylla av spelarane onsdag kveld . <<Harald Olav, Harald Olav, Harald Olav!!!>> vart ropt taktfast av trenarens undersåttar.

Neste sesong er det lag som Brann, Rosenborg og Vålerenga som kjem til Fosshaugane. Ikkje Ranheim, Sandnes Ulf og Tromsdalen.

- Det vert veldig moro med Rosenborg og Brann. Eg har vore her i fem år, og det har vore nesten opprykk fleire gongar. Det er veldig godt at me endeleg har klart det, seier Furebotn.

Stemninga var høg i Sogndal-garderoben. (Foto: Tor Yttri)

Les også

  1. Tilbake i eliten

  2. - Eg er berre glad

Publisert:
  1. Fotball 1. div

Mest lest akkurat nå

  1. Dropper solcellene etter kommunens siste vedtak: – Panelene ligger i kjelleren og er til salgs

  2. Aftenbladet avslører: Viking har brutt idrettens regelverk i Berntsen-saken

  3. «Hæ, har dere flyttet dit?» spør folk. Nå har hjemmet deres vunnet arkitekturpris.

  4. 322 nye koronasmittede siste døgn

  5. Politiet har frigitt navnet på mannen som døde i trafikk­ulykken på Buevegen

  6. Trumps koronarådgiver trekker seg