Sindre Eid: - Kjempestolt av gutane i dag

Hødd-trenar Sindre Eid er nøgd med det eine poenget dei fekk med seg frå Levanger

FORNØYD MED UAVGJORT: Det ble bare ett poeng borte mot Levanger, men Hødd-trener Sindre Eid er likevel fornøyd.
  • Vebjørn Bjørkås
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

LEVANGER — HØDD 0-0 (0-0):

– Eg er kjempestolt av gutane i dag. Me spelar på ein vanskeleg bortebane mot eit lag som er veldig direkte og har gjort det godt i det siste. Eg synest me framstår på ein god måte i dag og spelar vaksen fotball, seier Eid til smp.no etter kampslutt.

Les også

Levanger stoppa Hødds sigersrekke

Sjølv om laget hans produserte få sjansar i kampen, var dei Hødd skapte store. Eid er likevel nøgd med det dei fekk med seg heim til Ulsteinvik.

– Me hadde eit par store sjansar til å avgjere på slutten, men eg er OK nøgd med eitt poeng i dag, seier han.

– Inne i ein god periode

Levanger skapte ikkje allverda på Hødd i denne kampen, men det dei fekk til av avslutningar på mål tok Hødd-keeper Aslak Falch seg meisterleg av.

– Eg føler eg har blitt meir og meir stabil med åra, og er inne i ein veldig god periode no. Så gjeld det å halde dette nivået så ofte som mogleg, seier Falch etter ein ny kamp utan baklengs.

Han er einig med sjefen i at laget gjorde ein god bortekamp, og synest poengdeling er eit «fair» resultat.

– Me har sjansar nok til å ta med oss alle tre poenga i dag. Men dei skaper litt dei også, så det er vel greit at det blir uavgjort.

Skeptisk til kampprogrammet

Etter Åsane-kampen komande laurdag har Hødd spelt ni kampar i mai månad. Det synest Hødd-trenaren er i meste laget. No innrømmer han at det skal bli godt for laget å gå inn i ein periode med mindre kampar og meir «vanleg» trening.

– No sit ikkje eg med alle detaljane på kva som er mogleg å få til osv. Men det er klart at når du kjem til 16. mai og har gjennomført ein tredjedel av sesongen, er det heilt i grenseland av kva som er fornuftig, seier Eid.

Gler seg til 16. mai-kampen

Laurdag 16. mai tek Hødd i mot Åsane til 1. divisjonskamp på «fotballens festdag». Sjølv om Åsane ikkje har vunne på dei fem siste seriekampane, har dei imponert mange i sesongstarten, og ligg på ein solid 7. plass etter kveldens runden.

Eid håpar på fulle tribunar mot Åsane, og at laget hans kan avslutte den tøffe kampperioden med tre poeng.

–Det er to lag som har plukka bra med poeng. Eg håpar det kjem mykje folk på Høddvoll, så skal me gjere alt me kan for å gje publikum ei god oppleving på Høddvoll på laurdag, seier Eid.

Også Hødds sisteskanse gler seg ekstra mykje til laurdagens kamp mot Åsane.

– Det blir steingøy. Eg tippar tre-fire tusen tilskodarar på tribunen og god stemning. Det er alltid kjekt med 16. mai-kampar. No må me berre sørge for å ta tre poeng i den kampen, seier Falch.

Publisert:
  1. Fotball 1. div
  2. Levanger FK
  3. Hødd

Mest lest akkurat nå

  1. – Vi står og stamper mot et stort selskap som ikke vil føre dialog

  2. Vekter ble kuttet med kniv på legevakten

  3. Bodde i hver sin etasje i boligblokk i Stavanger

  4. Sola truer med veto i Bymiljøpakken

  5. Ruskeværet torsdag var bare en liten forsmak på det som kommer i helgen

  6. – Hver helg gikk jeg i badstue i Giskehallen. Jeg ville ikke lukte mink på fest