EM-sølv til Zerei Kbrom Mezngi: – Eg har ikkje ord

Zerei Kbrom Mezgi sjokkerte feltet då han rykka ifrå mot slutten av 10.000 meteren i EM. Tananger-karen blei tatt igjen på oppløpet, men sikra seg ein svært gledelig sølvmedalje.

Medaljevinnarane på 10.000 meter. Yann Schrub frå Frankrike tok bronse, Yemaneberhan Crippa tok gullet og overraskelsesmannen Zerei Kbrom Mezngi frå Norge og Skjalg tok sølv.
Publisert: Publisert:

I sin debut i EM i friidrett skulle Skjalg-løpar Zerei Kbrom Mezngi kjempe om best mogleg plassering på 10.000 meter i Olympiastadion i München.

Eit par dagar før løpet sa han til Aftenbladet at draumen var medalje.

Og draumen gjekk i oppfyllelse for Skjalg-løparen som sprang inn til sølv.

– Eg kan ikkje beskrive det, eg har ikkje ord. No er eg veldig glad, sa Zerei til NRK etter målgang.

– Eg er ekstremt glad i Norge. Kanskje eg skal sove med flagget, sa han til NRK.

Zerei på sigersrunde med det norske flagget.

– Utenkjeleg

Med tre runder igjen på 10.000 meteren gjekk han opp i teten og fekk ei luke til forfølgjarane. Den heldt han nesten heilt inn, men på oppløpet kom italienske Yemaneberhan Crippa og sprang forbi Skjalg-karen.

Zerei heldt unna for dei andre forfølgjarane og sikra seg sølvmedalje på 10.000 meter på tida 27.46,94.

– Det er utenkjeleg. Eg hadde nesten meir fokus på storskjermen enn mitt eige løp dei siste to rundene. Då tenkte eg meir på Zerei. Det var veldig kjekt og ekstremt fortjent. Eg unnar han det veldig, seier Magnus Tuv Myhre til NRK etter løpet.

Zerei Kbrom Mezngi og Magnus Tuv Myhre før start.

Vurderte å legge opp

Mezngi er fødd i Eritrea og flykta til Norge i 2012. Etter nokre år i Nord-Norge og Vadsø flytta han i 2017 til Tananger og satsa meir på løpinga.

Før 2020-sesongen vurderte han å legge opp. To år seinare tok han altså EM-sølv i München.

36-åringen har tre strake NM-gull på 10.000 meter og fekk landslagsdebuten under EM i terrengløp i Dublin i desember i fjor. EM i München er første gong han representerer Norge i friidretts-EM.

Fart frå start

Jimmy Gressier frå Frankrike, ein av favorittane, sette fart frå start og feltet strakk seg ut på ei lang rekke. Zerei og dei andre nordmennene, Bjørnar Sandnes Lillefosse og Magnus Tuv Myhre, la seg i bakre deg av feltet frå start.

Etter 1000 meter avanserte Zerei i feltet, etter å ha følgd løpsopplegget med å springe seg inn i løpet frå start.

Det oppstod småluker og grupperingar i feltet, og farta var framleis svært høg ved passering 3000 meter.

Farta roa seg noko knallopninga, og ved passering halvvegs var både Zerei og Tuv Myhre med i tetfeltet.

Stakk frå feltet

36-åringen frå Tananger låg stadig langt framme i feltet når det stod igjen 2000 meter. Då hadde ei gruppe på 7–8 mann skilt seg ut, og Zerei såg framleis pigg ut.

Tre runder før målgang gjekk Zerei opp i tet og fekk ei luke bakover til forfølgjarane. Då det ringte for siste runde var framleis Zerei i tet, og fire mann jakta om lag 15 meter bak.

Crippa frå Italia var den piggaste av konkurrentane og kom i stor fart. På oppløpet sprang italienaren forbi Zerei og sikra seg gullet. Skjalg-løparen var strålande fornøgd med sølv. Bronsen sikra Yann Schrub frå Frankrike seg.

EM-medaljen på 10.000 meter gjorde at Norge enda med seks medaljar i meisterskapet i München. Jakob Ingebrigtsen tok gull på 1500 meter og 5000 meter, Karsten Warholm tok gull på 400 meter hekk. Zerei Kbrom Mezngi sølv på 10.000 meter, medan Pål Haugen Lillefosse og Eivind Henriksen tok bronse i høvesvis stavsprang og slegge.

Publisert: