Matchvinnaren vil ha fleire Sogndal-år

<p><strong> <a target="_blank" href="/stat/index.jsp?stats=true&amp;type=kampfakta&amp;matchId=286062">Sogndal – Fredrikstad 2-0:</a></strong> Tommy Øren gjentok historia frå 2000, og sikra nok ein gong opprykk for Sogndal. No ber den kontraktslause matchvinnaren om å få vera med opp i eliten.</p>

STORSPELTE: Tommy Øren scora 2-0-målet og sikra med det sigeren for Sogndal. Etter kampen kunne han juble. Foto: Tor Yttri

  • Knut Langeland
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ti år gammel

Statistikksenter 1.divisjon:

  • tabellen | børs | toppscorer | kort | spillerfakta

30 år gamle Tommy Øren er stortalentet som aldri vart det alle håpa og trudde. Men ein mann for dei store anledningane er det ingen tvil om at han er. I 2000 scora han 2-2-målet på Ullevaal som sikra Sogndal opprykk på bekostning av Vålerenga.

I går vart han matchvinnar då Sogndal tok ein fortent 2-0-siger over Fredrikstad og sikra sigeren i 1. divisjon og opprykk til eliteserien.

– Dette er ein stor dag. Eg rangerer den på same nivå som den dagen i 2000. Men det er annleis. No er eg 30 år, seier Øren.

(Artikkelen fortsetter)

VIDEO Sogndal — Fredrikstad 2-0

svp://95848?view=ap

Sogndal — Fredrikstad: Høydepunkter

Blir i Sogndal

Øren kom tilbake til Sogndal etter fire år i HamKam før sesongen. Han vart signert på ei eittårskontrakt. No ønskjer han seg fleire år i Sogndal-trøya. Å flytta vekk att frå bygda er ikkje aktuelt.

– Det står ikkje på meg om det vert ny kontrakt eller ikkje. Eg er her i Sogndal for å verta verande no. Eg skal ingen stad, seier familiefaren Øren.

Øren, som brakk beinet då han vart takla av Odd Inge Olsen i 2001, har mykje att å bevisa på fotballbana. No kjenner han seg i storform.

– I vår var eg ikkje i form i det heile, men no er forma der. Eg kjenner meg bra til beins, og så lenge kroppen fungerer, er det gøy å spela. Eg er heilt skadefri, seier Øren.

Trenar Harald Aabrekk går langt i å antyda at han ønskjer Øren med vidare.

– Tommy er Sogndal-gut, og han vert jo buande her, seier Aabrekk.

Øren erstatta ein skadd Espen Olsen i går. Aabrekk seier han visste at Øren hadde noko stort på gang.

– Eg har sett det på Tommy heile veka. Han har gledd seg. Han er ein mann for dei store anledningane, seier Aabrekk.

Sogndal med full kontroll

Augneblinken då Øren finta ut Raio Piiroja sette inn 2-0 avgjorde kampen og opprykket til fordel for Sogndal. Øren omtalar slik korleis det kjendest å setja inn målet som gjer at Sogndal for første gong sidan 2004 skal spela i eliteserien.

– Etter det målet såg eg berre mot tribunen, og dei fem sekunda ein kjenner etter å ha scora, er ei kjensle eg unner mange , seier Øren.

Per Egil Flo scora det første målet for Sogndal. Etter ein jamn første omgang, var Sogndal klart best etter pause, og etter Flo scora i det 59. minutt hadde Sogndal full kontroll på kampen.

Flo sitt mål var kampens flottaste prestasjon. Han finta vekk to Fredrikstad-spelarar før han sett ballen i lengste hjørne frå 17-18 meter.

– Eg skulle sentra til Barry Kader, men noko kom i vegen, og då tenkte eg at det berre var å prøva sjølv. Det gjekk fint. Mitt viktigaste mål, gliser Flo.

Les også

  1. Tommy Øren legger opp

  2. - Eg er berre glad

  3. - Lov å festa på ein slik dag

  4. Tilbake i eliten

  5. To Liverpool-fans knivstukket

Publisert:
  1. Fotball 1. div

Mest lest akkurat nå

  1. Aftenbladet avslører: Viking har brutt idrettens regelverk i Berntsen-saken

  2. En ny versjon av passet: Her er de nye ID-kortene

  3. Politiet har frigitt navnet på mannen som døde i trafikk­ulykken på Buevegen

  4. «Hæ, har dere flyttet dit?» spør folk. Nå har hjemmet deres vunnet arkitekturpris.

  5. Ekteparet som tapte millioner på valutalån,får ikke behandlet anke i Høyesterett

  6. Foreløpig har tre søkt på jobben som Rogfast-sjef