Sogndal-helten vurderte å leggje opp

<p><strong> <a href="http://fotball.bt.no/stat/index.jsp?service=kampendirekte2008&amp;matchId=290671&amp;seasonId=default&amp;refId=default&amp;vm=false#290671">Sogndal – Løv-Ham 3-1:</a></strong> Sogndal-angripar Espen Olsen (31) var så langt nede etter forrige sesong at han sterkt vurderte å gje seg med fotballen.</p>

TIL KVARTFINALE: Espen Olsen jublar etter 2-1-målet som sende Sogndal eitt steg nærmare Ullevaal. Henrik Furebotn til høgre. Foto: Tor Yttri

  • Roar Lyngøy
    Roar Lyngøy
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ti år gammel

SOGNDAL: I går scora Lørenskog-mannen det viktige 2-1-målet då Sogndal slo ut Løv-Ham i vestlandsderbyet i cupen. Dermed er Sogndal klar for kvartfinale. 2-1-målet var kampens perle. Olsen nikka i lengste hjørne etter innlegg frå Per Egil Flo.

– Det var eit fint innlegg frå Per Egil. Eg stansa opp i feltet og vart åleine, og trefte godt med hovudet, smilar Olsen når han møter Bergens Tidende etter kampen.

Mål på headingar er sjeldan kost for 31-åringen med fortid i mellom anna HamKam, Stabæk og Start.

– Det skjer vel ein gong i året! Dette var årets første med hovudet, men eg håpar på fleire sjølv om det er Håvard Flo som er sjef i lufta hjå oss, seier Olsen.

  • Vi følger Sogndal: Siste nytt om klubben her

Droppa vinterferien

Historia kunne vore heilt annleis. Etter 2009-sesongen var austlendingen langt nede. Få scoringar og spel på andrelaget rundtom i Sogn og Fjordane tærte på motivasjonen.

– Etter forrige sesong, som var dårleg for min del, tok eg eit skikkeleg oppgjer med meg sjølv. Eg sa til meg sjølv at anten satsar eg for fullt på å bli like god som før, eller så sluttar eg, fortel Olsen, som kom til Sogndal sommaren 2008. * Vi følger Løv-Ham: Siste nytt om klubben her

– Laget hadde eigentleg fri i november og desember. Men då vart eg igjen i Sogndal og trente morgon og kveld saman med Rune Bolseth (Hønefoss, eks-Sogndal), som er ein god kompis av meg. Kondisjonen vart 500 prosent betre, og eg tok også av nokre kilo , seier Sogndal-spissen.

2010-sesongen har vorte ein opptur, både for Olsen og laget. Sogndal toppar 1. divisjon og er klar for kvartfinale i cupen. For sin eigen del er Olsen glad for at Harald Aabrekk vart ny trenar.

– Eg har alltid likt meg best i 4-4-2-formasjon og det å utnytte bakromsspelet, seier spissen med kontrakt fram til sommaren 2011. No er motivasjonen tilbake for fullt, og Olsen føler igjen at han kan bidra.

– No føler eg at eg er på det nivået eg var for to-tre år sidan, seier han.

Video: Høydepunkter fra Sogndal — Løv-Ham:

svp://94973?view=ap

Sogndal — Løv Ham: Høydepunkter

Løv-Ham yppa seg

Løv-Ham jakta ein historisk kvartfinale, men det var Sogndal som tok leiinga etter 13 minutt ved Mats Solheim. Etter 26 minutt skulle Løv-Ham utlikne på sin første store sjanse. Sogndal-stoppar Even Hovland mista ballen i farleg område, og Løv-Ham sette fart. Det enda med corner, som vart pirka inn av Efe Ehiorobo.

Løv-Ham kunne to gonger tatt leiinga før pause, ved Sindre Marøy og deretter Arve Walde. Men eit tigersprang frå Piotr Leciejewski gjorde at det stod 1-1 ved pause.

– Ei utruleg redning av keeper. Han skal ha honnør for den, skryt Walde.

Espen Olsen var frisk etter kvilen og ordna Sogndal-leiing etter ein times spel. 3-1 vart det etter 72 minutt. Lars Grorud sitt frispark vart redda, men returen sette Ahyee Aye Elvis i mål.

– Eg er veldig godt fornøgd med responsen vår i 2. omgang. Vi spring mest og vinn flest duellar, og dét vart avgjerande, seier Sogndal-trenar Harald Aabrekk.

Løv-Ham på si side må konsentrere seg om å halde plassen i 1. divisjon.

– Vi yppa oss, men det er dessverre mangel på kvalitet som gjer at vi ikkje scorer fleire mål. Vi må berre erkjenne at Sogndal er eit betre lag enn oss. Då dei gira opp, hang vi ikkje med, seier trenar Arne Sandstø.

PS: Tidlegare Løv-Ham-midtstoppar Knut Walde, som det siste halvåret har hatt pause frå fotballen, kjem ikkje til å returnere til Løv-Ham. Han og familien flyttar til Sørlandet der kona er frå. Walde har ein muntleg avtale med 2.-divisjonsklubben Fløy.

Les også

  1. Ikke akkurat cupfeber!

  2. Walde ikke Løv-Ham-spiller

  3. Sogndal senket løvene

Publisert:
  1. Fotball-NM

Mest lest akkurat nå

  1. Dropper solcellene etter kommunens siste vedtak: – Panelene ligger i kjelleren og er til salgs

  2. Aftenbladet avslører: Viking har brutt idrettens regelverk i Berntsen-saken

  3. «Hæ, har dere flyttet dit?» spør folk. Nå har hjemmet deres vunnet arkitekturpris.

  4. Elbil brenner i Stavanger

  5. Politiet har frigitt navnet på mannen som døde i trafikk­ulykken på Buevegen

  6. 322 nye koronasmittede siste døgn