Hoseth: - Utspel i media hjalp mot mobbing

<p>Magne Hoseth og Magnus Wolff Eikrem inspirerte sjuandeklassingar i Molde til å stå opp for seg sjølv og andre.</p>

Publisert: Publisert:

Hoseth Foto: Bjørn Brunvoll

  • Ida Hundvebakke
iconDenne artikkelen er over ni år gammel

Dei to Molde FK-spelarane kom til skulen saman med organisasjonen MOT for å snakke om korleis ein kan hjelpe dei som vert mobba og styrke sjølvkjensla til dei som er utanfor.

Medieutspel har hjulpe

Hoseth gjekk tidlegare i år ut i media og fortalde om hetsen han opplevde frå publikum både på heime— og bortebane, noko han ynskja ein slutt på.

– Den verste opplevinga eg hadde var i Tromsø, då var det to personar som sa verkeleg stygge ting. Elles får ein ofte høyre det frå publikum når vi spelar på Lerkendal, men då er det mest snakk om buing, seier Hoseth.

Han fortel at det har vorte mindre negative kommentarar etter han gjekk ut og sa ifrå.

– Det har vorte betre, noko eg syns er bra, for supporterane skal vere der for laget og støtte spelarane som spelar der.

Håpar folk vil tenkje seg om

På Langmyra skole i Molde delte dei to spelarane eigne opplevingar frå oppveksten og hadde ein dialog med elevane kring temaet mobbing.

– Dette er viktig fordi det fins mykje mobbing i barneskulen. Vi håpar folk kan tenkje seg om og at folk som vert mobba kan seie ifrå til dei rundt seg og vise at mobbing ikkje er ok, seier Hoseth.

Viktig å sei ifrå

Eikrem er einig med Hoseth og håpar elevane kan verte meir merksame etter at dei og MOT har vore på besøk.

– Eg håpar dei ser rundt seg og seier ifrå og er støttande viss dei ser at nokon vert mobba. Denne skulen var min barneskule og eg ser at då MOT var innom, passa folk meir på kvarandre, avsluttar han.

Publisert:

Les også

  1. Solskjær: - Har ingen tilbud fra andre klubber

Eliteserien

SVUTMP
1Bodø/Glimt22192173254859
2Molde22141754272743
3Rosenborg22126442222042
4Vålerenga2211653728939
5Odd2112274032838
  • Champions League-kvalifisering
  • Conference League Qualification
  • Nedrykkskvalifisering
  • Nedrykk

Mest lest akkurat nå

  1. Oppfordrer til Halloween-feiring for de minste barna

  2. Sykefraværet gikk ned, men ikke nok. Nå får de en sjanse til

  3. Silje fikk topp­karakterer og er ingeniør. Nå jobber hun i kles­butikk

  4. To nye smittetilfeller i Sandnes onsdag

  5. Klar melding til egen minister: Grav ut Domkirken!

  6. Gutt påkjørt på Bryne

  1. Eliteserien