Molde-veteranene har trua på gull-feiring

<p>Dei har følgt Molde Fotballklubb i mange år, men i år er trua på gull litt sterkare enn før.</p>

Publisert: Publisert:

Gullgutta body Foto: Kjell Langmyren

  • Ida Hundvebakke
iconDenne artikkelen er over ni år gammel

Kvar måndag, onsdag og fredag samlast dei, alltid klokka elleve, alltid den same gjengen. Desse pensjonistane, fotballveteranane og MFK-entusiastane er fast inventar på Stadionkafeen ved Aker stadion og i går var det ingen unnatak.

Vi er mellom 10 og 12 stykke kvar gong vi møtes, men det er nokre som manglar her i dag , seier Hans Oddtrøen.

Betyr alt

Kampane er dei sjølvsagt med på, med mindre dei er vekkreist.

– Vi har hatt kort på stadion sidan den opna. Alle har også fast plassar der, fortel Oddtrøen. Etter kommentarane rundt bordet å dømme, har einskilde vore medlem i klubben sidan barnsbein av, og andre har til og med spelt for laget i ungdomen.

– Kva betyr MFK for dykk?

– Det betyr alt. Når det kjem til fotball er det berre MFK. Eg er ofte på treningane og snakkar med gutane, det betyr mykje for meg, seier Kjell Gravdehaug.

Blanda forventingar

Skal ein tru gjengen, er fotball hovudtema for diskusjonane på desse kaféturane. Då er det ikkje til å unngå at også det eventuelle gullet vert nemnt.

– Det var løfta stemning etter kampen på søndag. Det må skje ei veldig ulykke viss vi ikkje vinn, seier Arnvid Sannes svært entusiastisk og viser nesten med armane kor høg stemninga var.

Han representere den delen av gjengen som er sikre på gull, medan andre er litt meir tilbakehaldne.

Ingenting er avgjort før siste kamp er spelt, men vi har jo sjølvsagt god tru på at det vert gull , fortel Gerhard Hestad.

Store sjansar

Gamle matematikkunnskapar vert også tekne i bruk i desse tider.

– Vi har rekna ut at viss dei vinn to av dei fem attståande kampane og får resten uavgjort, så er vi sikra siger, seier Hestad, men fortel at han ikkje vert altfor skuffa viss det ikkje vert slik.

– Eg tek alt som det kjem. Ein kan jo sjølvsagt verte skuffa, men då kan ein berre sjå mot neste år og satse der i staden.

Solskjær er suksess

Meiningane er ganske einstemmige når det vert snakk om kva som har gjort MFK så gode i år.

– Ole Gunnar Solskjær, er svaret frå dei fleste.

– Han har tilført eit ny, behageleg ånd og ei positiv haldning blant spelarane. seier Hestad. Oddtrøen meiner bakgrunnen til Solskjær har mykje å seie

– I miljøet han kjem frå, er han lært å gje alt i kvar kamp, det trur eg at han har overført til laget.

VINNERKULTUR : Ole Gunnar Solskjær kommer fra en kultur hvor det handler om å gi alt. FOTO: Digitalsport

Feire med kaffi

Gjengen syns det vert for langt å reise til den avsluttande kampen i Sogndal første advent, men har mange forslag til kva dei skal gjere viss Molde tek gull. Både julefest, champagnebrus, blautkake og konjakk vert nemnt, men Gerhard Hestad kjem med eit meir nøkternt forslag som nok får innpass hos dei fleste.

Vi møtes nok her som vanleg og drikk kaffi , avsluttar han.

Publisert:

Eliteserien

SVUTMP
1Bodø/Glimt22192173254859
2Molde22141754272743
3Rosenborg22126442222042
4Vålerenga2211653728939
5Odd2112274032838
  • Champions League-kvalifisering
  • Conference League Qualification
  • Nedrykkskvalifisering
  • Nedrykk

Mest lest akkurat nå

  1. Haaland hyller sitt store idol: – Det er vilt. Den mannen er ikke normal

  2. 65 færre ansatte i skolen: – Vi er alvorlig bekymret

  3. Siste vrak er hentet ut av P-huset på Sola

  4. Rolf Kristian Larsen med hovedrolle i filmen om alle norske katastrofers mor: «Nordsjøen»

  5. Thorbjørn Lea ble korona­smittet i mars. Slik preges han av sykdommen åtte måneder senere

  6. Tre nye smittetilfeller i Stavanger - ett med ukjent smittekilde

  1. Eliteserien