Tidligare Hødd-profil er tilbake igjen - ny keeper også klar
Robin Shroot har signert ei toårskontrakt med Hødd.
Robin Shroot er klar for Hødd. Her saman med sportssjef André Nevstad. Foto: Hødd Fotball
I dag blei det klart at Robin Shroot er tilbake i Hødd igjen etter to år i andre klubber. Han har signert ei toårskontrakt.
- Eg har alltid sagt at dette er klubben i mitt hjerte, og det å ha på meg Hødd-drakta og spele for klubben igjen sett eg veldig høgt. Som ein av dei eldre spelarane på laget, håper eg å inspirere og påverke dei rundt meg til å ta nye steg, både på og utan for bana. Eg håper sjølvsagt å gjere det bra sjølv, men eg ønskjer også å vere med på å skape eit godt miljø i spelargruppa no når klubben er i gang med å bygge eit nytt og slagkraftig lag igjen, seier Shroot i ei pressemelding frå klubben.
Tidlegare Hødd-leiar langa ut mot «Ålesundsmafiaen» på medlemsmøte
Hødd signerte midtstopper
Etter at Shroot var ferdig i Hødd, gjekk turen til Viking og Nashville SC i USA.
– Sist gang eg var her jobba eg mykje med jente - og damefotballen i Hødd, og dette var heilt spesielt for meg. Eg håper derfor å bidra så mykje eg kan i tida framover, seier Shroot.
Hødd må kutte minimum tre millioner kroner i år
Normark: – Den type ordbruk og formen er uakseptabel. Det skulle aldri ha skjedd
Keeperen Vegar Granvold Berntsen er klar for Hødd. Foto: Hødd Fotball
Hødd har også vore på jakt etter ein ny keeper ettersom Jan-Lennart Urke ikkje blir med for fullt i år. No har Vegar Granvold Berntsen signerte ei kontrakt ut 2019-sesongen.
- Vegar har vore på besøk med oss to gonger i vinter slik at vi har blitt bedre kjent både på og utafor bana, no har vi blitt enige om ei kontrakt ut 2019-sesongen, seier sportssjef André Nevstad.
Granvold Berntsen kjem frå Elverum Fotball.
- Eg er veldig fornøgd med å bli Hødd-spelar. Det har vore ein lang prosess, men begge partane har vore tolmodige og no ser eg fram til å bli ein del av laget. Ole Monrad er ein god keeper og eg håper vi kan «pushe» kvarandre på trening slik vi tek nye steg begge to. Det å ha konkurranse om plassen er berre sunt og er noko eg er vandt med frå tidlegare klubbar, seier Hødd sin nye keeper.
Mest lest akkurat nå
Sirdal-ordfører: – Kan i verste fall ta dager før strømmen er tilbake
Skjenking må vente. Barna får lettelser. I neste uke blir det dag for dag-vurderinger
Slåssing utenfor ungdomsklubb på Bryne
Travel dag for eieren etter at naustet knelte
Dette er den nye tv-serien du skal sjå
– Vi må nok bruke dagen til å måke oss ut av hytta