Tour of Norway avsluttast i Stavanger

Fleire av verdas beste sykkellag tar turen til Norge og Stavanger under Tour of Norway i mai.

Som i fjor skal Tour of Norway avsluttast i Stavanger. Då gjekk Matthew Walls sigrande ut av spurten.
Publisert: Publisert:

Det er igjen duka for folkefest i Stavanger når Tour of Norway går av stabelen 24.-29. mai. Femte etappe har målgang i Sandnes, medan avslutningsetappen har både start og slutt i Stavanger.

– 2021-utgaven gav oss Stavanger-regionen frå si vakraste side. I fjor hadde vi lite vind på den siste etappen. Skulle det blåse her i år, må det verkeleg ein komplett ryttar til for å vinne samanlagt, seier sportsdirektør i Ineos Grenadiers, Gabriel Rasch, i ei pressemelding.

Seksdagarsrittet startar i Bergen. Ryttarane skal innom mellom anna Voss, Geilo, Gaustatoppen, Hovden og Sandnes før alt skal avgjerast med ein etappe på 150 kilometer med både start og målgang i Stavanger.

– Det her blir nok ein av dei beste utgåvene av Tour of Norway, seier Gino Van Oudenhove, sportsdirektør for Uno-X Pro Cycling Team, i pressemeldinga.

Dei norske laga Uno-X Pro Cycling Team og Team Coop får bryne seg på tøff motstand i rittet. Lag som Team Jumbo-Visma, Ineos Grenadiers, Trek-Segafredo og Alexander Kristoff sitt Intermarché - Wanty - Gobert Matériaux stiller mannsterke.

Dette er etappane i Tour of Norway 2022:

1. Etappe: Bergen-Voss, 175 km

2. Etappe: Ulvik-Geilo, 123,8 km

3. Etappe: Gol-Stavsro/Gaustatoppen, 175,7 km

4. Etappe: Hovden-Kristiansand 233,5 km

5. Etappe: Flekkefjord-Sandnes 181,7 km

6. Etappe: Stavanger-Stavanger, 150 km

Publisert: