Lein: - Viktig at Shroot kjem i scoringsform

Hødd-trenaren kryssar fingrane for at spissen skal score fleire mål utover i sesongen. Det kan hjelpe klubben til å berge plassen i serien.

Publisert: Publisert:

Robin Shroot vart matchvinnar for Hødd med to mål mot Ranheim. Foto: Digitalsport

  • Tarjei Engeset Ofstad
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

HØDD — RANHEIM 2-0

– Om Shroot skulle kome i skikkeleg scoringsform, vil det bety veldig mykje for oss i haustsesongen, seier Hødd-trenar Steinar Lein.

Robin Shroot har vore god både mot Ranheim og Mjøndalen, meiner han. Hødd tapte 3-0 borte mot Mjøndalen, men slo Ranheim 2-0 på Høddvoll søndag kveld.

– Eg er kanskje den verste til å heade på heile Hødd, seier Shroot sjølv.

Han er riktig nok ikkje kjent som nokon krigar i lufta, men at også han kan score med hovudet, det prova han mot Ranheim: Sondre Beite kippa kula fint inn i feltet, og Shroot heada ballen baklengs i mål.

Det andre målet kom berre to minutt seinare. Då plukka den engelske spissen opp ballen på dødlinja, snudde seg 180 grader, finta ut nokre motspelrar og klinka ballen i nettet frå skrått hald. Shroot kan ta æra for at ein keisam kamp brått fekk fart og action.

Skal kjempe for å overleve

– Vi må nyte sigrar som denne, elles blir det mange tunge stundar i fotballen, seier Steinar Lein.

Han fortel at det kjenst ekstremt godt å ta tre poeng i ein jamn kamp mot Ranheim. Like fullt er han klar på at alt handlar om å berge plassen. Det er slett ikkje enkelt å vinne kamper i førstedivisjon, påpeikar trenaren.

Hødd klatra søndag kveld opp på ein 12. plass. Ei slik plassering vil vere nok til å spele i serien neste år også.

– Vi må kjempe med nebb og klør for å unngå nedrykk, det har vi alle innsett, seier Lein.

Usikkert om Skaasheim og Sjølstad blir med

Shroot kom inn allereie i det 41. minutt.

– Han skulle få spele, men eigentleg ikkje før i andre omgang, seier Lein.

Fredrik Sjølstad gjekk av med strekk i baksida av låret. Ulland Andersen fekk prøve lykka som spiss frå start. Då Sjølstad måtte gi seg, tok Shroot over spissjobben. Ulland Andersen var indreløpar resten av kampen.

Frå før var Eirik Skaasheim ute med vond hæl. Før denne sekstande runda hadde Skaasheim spelt alle dei femten seriekampane i år frå start. Lein seier at det er usikkert om Skaasheim og Sjølstad blir klare til den komande serierunda søndag. Uansett kan vi iallfall rekne med at dei blir friskmeldte i løpet av ferien. Den tar til etter neste kamp.

Møter laget rett over på tabellen

I neste runde møter Hødd KFUM Oslo. Dei ligg på 11. plass, rett over Hødd, med like mange poeng.

Det er berre sju poeng opp til Strømmen på sjetteplass. Lag nummer tre til seks får spele kvalifisering til eliteserien. Hødd har for tida nok med å klamre seg fast i ligaen. Likevel viser dømet at det er få poeng mellom dei som er eit stykke oppe på tabellen og dei som er langt nede.

Førre trenar, Hans-Erik Eriksen, hadde med andre ord rett då han fleire gongar sa at førstedivisjon er ein særs jamn liga.

Kampen mot KFUM spelast på KFUM-arena søndag 10. juli klokka 18.00.

Publisert:

Les også

  1. Ranheim raknet på to grufulle minutter

  2. Superinnbyttar Shroot skaut Hødd til siger

Mest lest akkurat nå

  1. Vikings brennhete trio kan bli splittet: Dette sier Bjarne Berntsen om situasjonen

  2. Busstreik utvides til Rogaland fra lørdag – alle sjåførene tas ut i streik

  3. Premier League-profil koronasmittet – nyheten sprakk timer før kampstart

  4. Ingebrigtsen gjør narr av Warholm-utspill

  5. Mímir Kristjánsson drar politikere ned i søla

  6. Vinmonopolet får flytte til Maxi i Sandnes

  1. Fotball 1. div
  2. Robin Shroot
  3. Hødd
  4. Ranheim IL