Sogndals første signering som eliteklubb

<p>Espen Olsen forlengjer kontrakten ut neste år. Han går ned i løn for å halda fram i Sogndal.</p>

Fotball17. Oktober 2010AdeccoligaenVarden AmfiLøvHam - Sogndal 2 - 0Karl Morten Eek (L) , Løv-HamEspen Olsen (R) , SogndalFoto : Astrid M. Nordhaug Foto: Astrid M. Nordhaug

  • Bt
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ti år gammel

Statistikksenter 1.divisjon:

  • tabellen | børs | toppscorer | kort | spillerfakta

– Klubben, og først og fremst Harald (Aabrekk, trenar), ønskjer at eg skal vera her. Allereie der har eg grunn nok for å forlengja, seier Olsen.

Spissen frå Lørenskog hadde eigentleg berre kontrakt til 1. august neste år, men no er det klart at han er Sogndal-spelar ut 2011-sesongen i eliteserien. Som ein del av den nye fotballkvardagen med trong økonomi, går Olsen, som er ein av dei best betalte i Sogndal, litt ned i løn i den nye kontrakten.

– Han representerer den type rutine vi treng i eliten , seier sportssjef Trond Fylling.

Olsen, som kom til Sogndal i 2008, har hatt sin beste sesong i den kvite og svarte drakta i år. På 26 seriekampar har han scora 12 gongar. Forma minner om den han hadde då han redda HamKam frå nedrykk i 2006 med åtte mål på hausten, og vart belønna med landslagsplass.

– Eg har gjort det såpass bra denne sesongen, at lysten til å spela eliteserie med Sogndal er der absolutt, fortel Olsen.

(Artikkelen fortsetter)

VIDEO Sogndal — Fredrikstad 2-0

svp://95848?view=ap

Sogndal — Fredrikstad: Høydepunkter

31-åringen tok tak for å koma i betre form før sesongen. Det er mykje av grunnen til at han er Sogndals toppscorar i år.

– Eg tok eit skikkeleg oppgjer med meg sjølv. Eg fekk Bolseth til å piska meg rundt i skogen. Det krevst meir av ein 31-åring enn ein 25-åring å vera i form, innser Olsen.

Olsen trur eliteseriespel kan passa laget veldig bra.

– Henrik Furebotn trur eg mange vil få opp augo for. Even Hovland er kjend. Per Egil Flo har alt som trengst for å lukkast. Piotr Leciejewski får vist seg fram på det nivået han høyrer heime.

Les også

  1. Sogndal-spiller får bonus av Sarpsborg-fansen

  2. Matchvinnaren vil ha fleire Sogndal-år

  3. - Eg er berre glad

  4. - Lov å festa på ein slik dag

  5. Tilbake i eliten

Publisert:
  1. Fotball 1. div

Mest lest akkurat nå

  1. Vaksine kan være klar i januar: – Dagen vi har ventet på, er her snart

  2. Åpen konflikt mellom ordførerne i møte om veikutt

  3. Visesentralbanksjef Jon Nicolaisen fratrer sin stilling - fikk ikke fornyet sikkerhetsklarering

  4. Vi har anmeldt 32 juleplater: Bare én får terningkast seks

  5. – Krokodilletårer fra MDG om Rogfast

  6. Denne lunsjretten får du bare tak i på Jæren: - Vi får ukentlig henvendelser fra utflyttede jærbuer