Sjokk-kamp for verdseinarane frå Noreg: – Vi pissa nesten på oss

Anders Mol og Christian Sørum måtte ta fram alt dei hadde for å vinna sin første OL-kamp.

Anders Mol (til v.) og Christian Sørum fekk ein mykje vanskelegare kamp enn forventa mot Australia.
  • Øystein Vik
    Journalist i BT
Publisert: Publisert:

NORGE–AUSTRALIA 2–1

Shiokaze Park: Det vart svært dramatisk då Anders Mol og Christian Sørum møtte Australia i sin første OL-kamp nokosinne. Dei vann til slutt, men for ein kamp det skulle bli.

– Vi pissa nesten på oss på tribunen, seier Kåre Mol, Anders’ far og trenar til BT like etter kampen mens grashoppene syng i den japanske kvelden.

Utanfor tribunen var han sveitt og medtatt etter kampen som berre så vidt enda med norsk 2–1-seier. På dagen sandvolleyballturneringa i OL opna.

– Vi må gjennom slike kampar og kjenna litt på det, seier Kåre Mol (til v.) om den vanskelege opningskampen mot Australia.

– Vi har sagt i heile dag at vi skulle kosa oss, men det var vanskeleg å kosa oss i denne kampen. Eg er misunneleg på dei som ligg heime og kosar seg på svaberget, seier pappa Mol.

Like etter kom verdas beste sandvolleyballpar ut frå arenaen. Dei prøvde å sjå det positive i det som hadde skjedd.

– No har vi lært at kvar kamp blir ein krig, seier Anders Mol.

Chris McHugh var den store spelaren for Australia mot Noreg.

– Noreg kan vinna

Australienarane Chris McHugh og Damien Schumann kunne nesten ikkje tru at dei var svært nær ved å slå Noreg. Då dei møtte pressa etter kampen var dei glade over å ha spelt sin første kamp på over to år etter å ha vore koronafast i Australia.

Euforiske over prestasjonen, og litt sure for at det glapp.

– Vi hadde det veldig gøy, seier McHugh.

– Kan Noreg vinna OL etter det dei viste her?

– Klart dei kan. Dei er nummer ein i verda, seier Schumann til BT.

I og med at Mol/Sørum er ranka som nummer ein i verda, og Australia som nummer 47, var det rekna som bortimot sjølvsagt at Noreg skulle vinna lett i Shiokaze Park, men slik gjekk det ikkje.

Første sett var svært jamt. Mol frå Strandvik og Sørum frå Lørenskog halte i land 21–18 og settsiger 1–0.

– Christian (Sørum) og eg er gode til å ta poeng på eigen serve. Når vi gjer det kan vi knekka alle lag, seier Anders Mol.

Elendig andre sett

Det andre settet starta katastrofalt for Mol/Sørum. Dei kom under med fire poeng.

Og ting vart berre verre. Noreg måtte apatisk innsjå at australienarane fekk ei leiing på heile sju poeng.

– Eg gjorde mange feil på rad, og dei serva veldig bra. Men no drit eg i det. Eg er berre glad vi vann, seier Anders Mol.

Deretter byrja ting å sitja. Blokkane til Mol gjorde det dei skulle, altså blokkera, og servane til Sørum var presise. Noreg byrja å ta poeng på eigen serve igjen.

Likevel sluttspurten var ikkje god nok til å hindra at Noreg på overraskande vis gav frå seg eit sett til Australia.

– Eg var førebudd på at det skulle bli slik som dette, men det var litt sjokk at vi kom bak så mykje i det andre settet. Då gjorde vi ein del dårlege ting, seier Kåre Mol.

– No må vi berre bli vant til OL-arenaen, seier Anders Mol som ikkje heilt likar den djupe sanden i Tokyo.

– Perfekt opningskamp

Det siste og avgjerande settet var også svært jamspelt. Dei to laga følgde kvarandre heile vegen. Til slutt vann Noreg 15–13.

– At dei klarte det viser at hovudet deira er veldig bra, seier Kåre Mol.

Christian Sørum åtvarar no mot å tenkja at alt skal vera lett for Noreg, berre fordi dei toppar verdsrankinga.

– Det vi har gjort i det siste er eigentleg urealistisk og sjukt å tenkja på. Ser du på turneringane som har vore i år, har 19 lag kome til semifinale. Det viser at mange kan vinna og at vi må vera på vårt beste, seier Sørum.

På veg inn i den japanske sommarnatta seier Sørum at laurdagens kamp var eigna til å gi han og Mol sjølvtillit.

– Heilt klart. Det handlar om å vinna kampar, og kampar der du må gi alt og vinn til slutt er eigentleg perfekt som opningskamp, seier han.

Første sett: 21–18

Andre sett: 18–21

Tredje sett: 15–13

Noregs neste kamp går måndag klokka 15 mot Spania.

Publisert:
  1. Anders Mol

Mest lest akkurat nå

  1. Da to voksne menn snakket høyt om voksne kvinners markedsverdi, ble det bråk

  2. Flere europeiske land melder om omikronsmitte

  3. Wirak varslet snø over Vinterland, og det fikk han

  4. Ryfylke har fått sin første vingård

  5. Forskarens fem om dagen for eit lukkelegare liv

  6. Ny utrolig rekord for Haaland