23 års arbeid ligg bak OL-eventyret. – Vil heller dela dette med mor mi enn ein tilfeldig trenar.

Martin Roe frå Trengereid er på plass i Tokyo for å delta i tikamp. Bak OL-deltakinga står familien.

– Vi kjenner kvarandre så godt at vi ikkje treng å seia ting til kvarandre, seier Ingunn Gatland Jacobsen om dynamikken mellom ho og sonen Martin Roe.
  • Øystein Vik
    Journalist i BT
Publisert: Publisert:

Tokyo: Det er ikkje måte på kva han skal kunna, Martin Roe. 29-åringen deltek nemleg i det som kanskje er den ultimate testen i friidrett: Tikamp.

På OL-arenaen skal han kasta og hoppa. Springa og byksa. Etter ti øvingar og to heile dagar med konkurranse skal ein vinnar kårast.

Mykje skal til om Martin Roe frå Trengereid ved Bergens ytterkant står att med medalje etterpå. Men at han er ein av 23 som skal delta i sommar-OL, er ein siger i seg sjølv.

– Det er no vi får att for alt strevet, seier Ingunn Gatland Jacobsen.

At Martin Roe er i OL har ho definitivt mykje av æra for. For det første har ho sett han til verda, mor hans som ho er. For det andre har ho vore trenaren hans i alle år.

– Eg vil heller dela dette med mor mi enn ein tilfeldig trenar, seier Martin Roe og kikkar på mora.

Blikket ho sender tilbake fortel alt om den tette kontakten mellom dei to, der dei står i deltakarlandsbyen i OL og møter BT to dagar før alvoret skal starta.

Martin Roe er skadefri, og heilt klar for å få ut sitt beste i OL.

Ingen ferie

Det kjennest liksom så kjapt og greitt når ein først er i eit OL. Dagane fyk av garde, medaljane vert delt ut og etter to veker har alle reist heim.

Men kva ligg bak? Av oppofring og smerte? Dagar åleine på eit hotell i staden for å vera med dei ein er glad i? Tapt inntekt? Små sigrar og stor idrettsglede på vegen?

Martin Roe sin veg mot OL inneheld alt dette, og meir til.

Det er ikkje sjølvsagt at Trengereid, staden dei fleste knyter til ei rundkøyring i søndagskø heim frå hytta, skal fostra ein idrettsutøvar av olympisk format.

Men så har skjedd. Han starta med idrett allereie som seksåring. Vesle Martin ville prøva alt. Tresteg, slegge, hopping og ... ja, alt. Fotball og handball spelte han òg.

Foreldra Ingunn Gatland Jacobsen og Geir Roe gjekk inn som trenarar i den lokale klubben Fri, og eit fint treningsmiljø med fleire utøvarar blei til.

Pappa Geir er framleis ein viktig del av satsinga. Han tek seg av styrkjetreninga.

Idretten vart ein livsstil for familien. Kvar ferie oppgjennom oppveksten er brukt til trening.

– Vi hadde kanskje ei veke i september der vi gjorde noko anna, mimrar Martin Roe.

23 år etter at han starta med idrett, er han i OL.

Martin Roe har den norske rekorden i tikamp. Han trur det er mogeleg å setja ny bestenotering i OL. – Alt er mogeleg, seier Roe.

Har nesten ikkje sett barna

No har 29-åringen fått sin eigen familie. I fjor flytta han til Danmark saman med den danske kona si, Christine Lund, og barna Lilli (snart 4) og Emmi (2).

At dei betalar prisen for at han er i OL, er han open om. Treninga har gått føre seg alle andre stadar enn på den nye heimstaden ein time sør for København.

– Det har vore tøft for kona mi som er heime med to barn og studerer, seier Roe og ser nesten litt skuldig ut.

Sidan nyttår har han nesten ikkje sett ungane. Koronareglane har gjort det umogeleg å ta ein svipptur til Danmark.

– Dei veks til, og eg har ikkje vore der for å sjå kva som skjer. Men no nærmar det seg veldig at eg skal heim, seier Roe.

I VM i Doha blei Martin Roe nummer 18. Konkurransen vart øydelagd av at han blei diska på 400 meter.

Vil til endå eit OL

I OL-landsbyen bur utøvarane saman. Her et og søv dei, og kan slå av ein prat på tvers av landegrenser og ulike idrettar. Men på eit punkt stoppar likskapen. Der nokon håvar inn pengar på idretten sin, er det magert for Roe.

I fjor då alt vart avlyst, tapte han 200.000 kroner i premiepengar på ikkje å konkurrera, fortel han. Det gjekk greitt sidan familien var innstilt på å avgrensa seg og ikkje brukte pengar på anna enn mat.

Då OL vart utsett i fjor, var han absolutt i tvil om han skulle halda fram.

– Det var utruleg surt. Eg måtte bruka nokre veker på å nullstilla meg og finna ny energi.

Men no er han i form. Skadefri og klar. Å slutta er ikkje aktuelt lenger.

– Så lenge økonomien held, så vil eg satsa. Det er berre tre år til neste OL i Paris, då er eg 32, seier Roe.

Og ho mor? Ja, ho er klar.

– Han seier han vil til Paris, ja? Eg er klar, så lenge helsa held. Det er mykje Martin kan bli betre på enno!

Publisert:
  1. OL

Mest lest akkurat nå

  1. 46-åring omkom i klem­ulykke på Moi – navnet er frigitt

  2. Er det penger å spare på å senke tempe­raturen om natten? Ikke gjør denne varme­pumpe-tabben

  3. Rassikring i Suldal starter neste år

  4. Dette er de nye omikron-tiltakene

  5. Sikrer feriepenger for permitterte og arbeidsledige

  6. Studio A: Mener bråket i Kristiansund kan være bra for Viking