Tidlegare AaFK-back blir truleg Hødd-spelar

Den tidlegare AaFK-spelaren Hugues Wembangomo (23) er sterkt ønskja av Hødd-trenar Hans-Erik Eriksen.

KAN HAVNE I HØDD: Hugues Wembangomo. Her frå tida i Aalesund.
  • Eirik Nesset Hjelvik
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Interessa er så konkret at Wembangomo, populært kalla «Ygg», dei siste to dagane har vore på Hødd-besøk i Ulsteinvik.

Tilbakemeldinga frå begge partar verkar å vere klar: Det er ønskje om å få i stand ein avtale med forsvarsspelaren.

– Ygg har ikkje vore på noko prøvespel eigentleg. Han er handplukka. Ygg er så god at han vil kome inn og forsterke oss umiddelbart. Så her handlar det om å kome til einigheit om ei avtale, seier Hødd-trenar Hans-Erik Eriksen.

Signala frå Wembangomo tyder på at det bør vere mogleg.

– Eg har hatt eit par gode økter med dei no, og liker både trenaren og spelarane. Eg er positiv til ein avtale, seier den tidlegare AaFK-spelaren.

Les også

HamKam-spiller klar for Hødd

Skadeplaga

Ygg blei henta til AaFK frå Sarpsborg som 19-åring i 2009. Då meinte dåverande Sarpsborg-trenar Roar Johansen at AaFK hadde gjort eit «varp».

– Han er ein av dei mest lovande forsvarsspelarane i landet. AaFK har gjort eit varp. Dette kjem dei ikkje til å angre på, uttalte Johansen om spelaren som hadde rundt 30 kampar for aldersbestemte landslag.

I løpet av sine to første sesongar i AaFK-drakt fekk han med seg 23 eliteseriekampar.

Men etter kvart øydela ein vond akilles mykje for Wembangomo. I 2014 var han berre involvert i fire kampar.

Framfor fjorårets sesong var skadeproblema så store at partane valde å avslutte kontrakten.

Les også

AaFK har funnet ny høyreback

Les også

Leke James er fortsatt ikke i gang på feltet

Les også

AaFK bytter ut La Manga med Malta

Føler seg frisk

Ygg sette fotballen på pause fram til sommaren og bygde seg opp att.

FOR BÆRUM: Hugues Wembangomo i duell med Branns Steffen Lie Skålevik i fjor haust.

Så skreiv han under for Bærum, der han i fjor haust fekk med seg elleve kampar frå start.– Eg har vore skadefri i eit halvt og no og føler meg frisk og rask. Eg merkar ingenting til akillesen lenger, seier Wembangomo.

– Du var spådd ei lovande karriere. Kan du kome opp på det nivået du hadde inne?

– Eg trur eg kan kome opp på eit enda betre nivå enn det, seier Wembangomo.

I Hødd verkar ein ikkje veldig uroa over skadehistorikken.

– Ygg hadde eit langt opphald i AaFK. Det var på ein måte det. Elles har han vore frisk og rask, seier Hans-Erik Eriksen.

Les også

  1. Dette er alle overgangene i Tippeligaen

  2. Her er Aalesunds nysigneringer på plass

Publisert:
  1. Fotball 1. div
  2. Hødd
  3. Aalesunds FK

Mest lest akkurat nå

  1. – Vi står og stamper mot et stort selskap som ikke vil føre dialog

  2. Vekter ble kuttet med kniv på legevakten

  3. Sola truer med veto i Bymiljøpakken

  4. Ruskeværet torsdag var bare en liten forsmak på det som kommer i helgen

  5. Kjørte på elsparkesyklist i fotgjengerfelt – får beholde førerkortet

  6. Hun er den nye kommune­direktøren i Randaberg